Noregs Bank hevar styringsrenta med 0,25 prosentpoeng – varslar stabil rente framover

Noregs Bank gjer som dei varsla i november og set opp styringsrenta til 4,5 prosent. Det kunngjorde sentralbanksjef Ida Wolden Bache torsdag.

Rentehevinga er i tråd med det Noregs Bank varsla etter førre rentemøte 2. november, men er likevel ikkje i tråd med det økonomane hadde varsla. Dei fleste rekna nemleg med at Noregs Bank ville la renta liggje på grunn av litt lågare kjerneinflasjon enn venta og uendra styringsrente i USA.

– Vi ser at økonomien kjøler seg ned, men prisveksten er framleis for høg. Ein auke i renta no reduserer faren for at prisveksten held seg høg lenge. Truleg held vi styringsrenta på 4,5 prosent ei god stund framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banken grunngir hevinga med at prisveksten framleis er klart over inflasjonsmålet på 2 prosent. Det er utsikter til at lønnsveksten held seg høg, og at krona har svekt seg vidare.

– Prognosen indikerer ei styringsrente som blir liggjande på 4,5 prosent fram til hausten neste år, før ho gradvis minkar, heiter det i pressemeldinga.

(©NPK)