Helsedirektoratet vil i år komme med endeleg anbefaling rundt innføring av norsk screeningprogram i kampen mot lungekreft. Det er forslått ein såkalla lågdose CT-undersøking.Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Noreg vurderer lungekreftsjekk for 1,85 millionar

Helseekspertar vil tilby alle i alderen 50 til 79 år ei risikovurdering for lungekreft. Av desse vil truleg 50.000 bli screena for den svært dødelege kreften.

Helsedirektoratet (Hdir) er i gang med å greie ut screening mot lungekreft. Det er den kreftforma som tek flest liv, og den nest hyppigaste hos både menn og kvinner i Noreg.

Rapporten med tilrådingane frå ekspertgruppa vart lagt ut tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal vi sjå nærare på rapporten og ta fatt på vidare utgreiingsarbeid, inkludert helseøkonomiske analysar, før vi leverer ei endeleg tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet, seier divisjonsdirektør Hilde Myhren i Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Stort omfang

Alle personar i Noreg i alderen 50–79 år blir inviterte til risikovurdering for å avgjere vidare invitasjon til ei screeningundersøking. Det inneber at rundt 1,85 millionar personar blir inviterte til risikovurdering.

Av desse er det forventa at rundt 50.000 vil oppfylle kriteria for å bli invitert til screening. Screeninga blir ein lågdose CT.

Om lag åtte av ti lungekrefttilfelle kjem av røyking av tobakk. I tillegg til screeninga vil ekspertgruppa gi noverande røykjarar i aldersgruppa tilbod om røykeavvenning, uavhengig av risikonivå.

Rundt 10 prosent av lungekrefttilfella oppstår hos aldri-røykjarar. Risikovurdering kan bidra til at andre risikofaktorar blir avdekte, slik at screening blir gjennomført.

I 2023 vart det registrert 3319 nye tilfelle av lungekreft. Totalt 2141 døydde av sjukdommen. Tala for 2024 er ikkje klare enno.

Bevist effekt

Utgreiing av screeningprogram mot lungekreft har gått føre seg i mange år. Det er grundig bevist at screening har ein stor effekt, fordi lungekreft sjeldan gir symptom i tidleg fase. Ved å tilby screening vil ein kunne oppdage sjukdom tidleg og betre prognosen.

Arbeidsgruppa reknar med at nasjonal lungekreftscreening i Noreg vil resultere i ein reduksjon av lungekreftdødsfall på om lag 20–25 prosent årleg i den gruppa som får tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal forslaget vurderast. Fordelar og ulemper skal bli gått gjennom og analysert. Innan slutten av 2025 skal Helsedirektoratet utarbeide ein rapport med avgjerdsgrunnlag og tilråding om eventuell innføring.

(©NPK)