Stefan Mayrhofer har budd i Nummedal dei siste åra. Nå har han kjøpt hus på Dalen, og satsar for fullt på å drive serveringsstaden Dalen Bistro.
Kari Smeland
Nå opnar Stefan dørene på Dalen Bistro. – Eg er «all in» og har ingen plan B
Stefan Mayrhofer har jobba med mat og servering i over sytten år. I helga er det offisiell opning av Dalen Bistro.
Den internasjonale kvinnedagen, 8. mars, er det offisiell opning av den nye serveringsstaden Dalen Bistro på Dalen. Men alt torsdag opna den nye drivaren Stefan Mayrhofer litt forsiktig dørene.
- Me la ein post ut på Facebook, opna dørene klokka elleve og tenkte det vart roleg. Fem over byrja det å kome folk, fortel Stefan.
Og etter kvart kom det mykje folk. Stefan er fornøgd med starten, alt før den offisielle opninga på laurdag. Han har utdanning som både kokk og servitør, og har mange års erfaring frå bransjen. Han fortel om mat med engasjement.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP