Nå er det forbod mot å grille i skogen – også i eigen hage må ein vera varsam

På grunn av skogbrannfaren går brannvesenet nå ut med ein tydeleg beskjed til alle innbyggarar.

Kombinasjonen tørr vegetasjon og lite nedbør har gjort at skogbrannvarselet nå er på mørkeraud, og ifølge vêrvarselet kjem det heller ikkje noko regn av betydning i den komande tida. Det har gjort at Vest Telemark brannvesen nå går ut med ein klar og tydeleg beskjed:

– Ikkje grill eller tenn bål i skog og mark, eller i nærleiken av skog og anna utmark. Nå kan slik aktivitet openbert føre til brann, og me minner difor om at dette er forbode, seier brannsjef Torbjørn Lia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forbodet gjeld all bruk av open eld, og inkluderer blant anna bål, grillar og eingongsgrillar. Det er framleis tillat å grille i eigen hage, men også der må ein vera varsam.

– Gnistar, varme frå undersida av grill, eller grillar som står nære hekkar eller bygningar kan lett skape farlege situasjonar som kjem ut av kontroll. Me brukar å seie at dersom du er i tvil om det er trygt bør du la det vera, fortel Lia.

Kan bli forbod også andre stadar

Dersom tørken held fram kan det bli aktuelt å innføre strengare reglar. Om brannfaren vedvarande er spesielt stor eller det ligg føre andre ekstraordinære forhold, kan all bruk av eld bli forbodet alle stader utandørs, inkludert din eigen hage eller gardsplass.

– Enn så lenge går me berre ut og minner folk på det eksisterande forbodet i skog og utmark, og understrekar at folk må vera veldig aktsame ved bruk av open eld andre stader. Sjølv om me altså ikkje utvidar forbodet nå, så fylgjer me situasjonen tett, og me kan difor ikkje utelukke at forbodet kan bli enda strengare etter kvart, seier Lia.