Elektrisk: Etterforskarane har konkludert med at brannen starta i elektrisk utstyr.

Nå er brannårsaka klar

Laurdag i Countryfestivalen stod eit bustadhus i byggjefeltet Gravshaugane i Seljord i full fyr. Nå har politiet konkludert med korleis brannen starta.

Ingen har gjort noko straffbart i samband med brannen som oppstod om ettermiddagen 30. juli i fjor. Det slår etterforskingsleiar i politiet, Gry Djupedal, fast. Djupedal er etterforskingsleiar for politiet i Midt- og Vest-Telemark. Ho fortel at dei kriminaltekniske undersøkingane viste at ingen kan klandrast for brannen.

Brannen i huset, som har adresse Bygleåsen, blei meldt klokka 1645, og berre ein halvtime seinare informerte politiet om at bygningen var overtent. Brannmannskap både frå Seljord og Kviteseid, med i alt fem bilar, rykte ut og blei møtt av kraftig varme og høge flammar. Det var då klart at det ikkje var folk i huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krimteknisk seksjon i politiet har samarbeidd med det lokale eltilsynet om å finne ut korleis brannen oppstod.

– Dei har konkludert med at brannen starta i elektrisk utstyr; mest sannsynleg i inntaksboksen, fortel etterforskingsleiar Djupedal.

Totalskadd: Bustadhuset blei totalskadd i brannen.