Torje Veum Rydland og Carina Thorvaldsen pratar om val.

Me tok med oss FrP-Carina for å finne ut kvifor unge menn ikkje stemmer

Torje Veum Rydland er ein av mange unge menn som ikkje stemmer når det er val. Kvifor? Varaordførar i Seljord kommune, Carina Thorvaldsen (FrP), blei med oss på leit etter svar.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har eigentleg ikkje nokon god grunn, eg tenkte ikkje særleg på det.

Torje Veum Rydland (32) var 28 år sist det var stortingsval. Han valde å ikkje stemme – som veldig mange andre menn på hans alder. Faktisk er det slik at 94 år gamle menn var flinkare til å stemme i 2021 enn menn i starten av 20-åra.

– Det er ei bekymringsfull utvikling at unge menn i mindre grad stemmer, og dette har skjedd i løpet av ein ganske kort periode, seier Johannes Bergh, forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn ved Institutt for samfunnsforsking.

Torje Veum Rydland (32) er kundeansvarleg for Mercedes-Benz hos Autostrada Seljord.

– Politikarane lover og herjar veldig, og så skjer det lite. Eg godtek at det blir som det blir, og at det går den vegen det går, seier Torje om kvifor han ikkje stemmer.

– Nå er det sånn

Saman med varaordførar i Seljord, Carina Thorvaldsen (FrP), har me køyrd litt rundt i kommunen for å snakke med unge menn om valdeltaking. 

I Seljord kommune stemte 61 prosent av menn under 30 år ved førre stortingsval. Valdeltakinga for kvinner under 30 år var på 72 prosent. I heile landet var det 75,6 prosent menn – i alle aldrar – som stemte, og 78,7 prosent kvinner, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Valdeltaking i Seljord kommune for kvinner og menn under 30 år

Menn i Seljord var flinkare til å stemme enn menn i nabokommunen Kviteseid, der det berre var 54 prosent av menn under 30 år som stemte ved førre stortingsval. Det er den lågaste val-deltakinga for denne aldersgruppa i Vest-Telemark. Unge menn i Fyresdal kommune er best i klassa. Der stemte 66 prosent av menn under 30 år. 

– Eg er ikkje interessert i politikk. Det er heilt greitt å la nokon «andre» bestemme, seier Torje i Seljord.

Han har ikkje tenkt å stemme i år heller.

– Eg stemte ikkje ved kommunevalet heller, og har aldri stemt.

Kva må til for at du skal stemme?

 – Ein må ha interesse for det og bruke tid på det. Det har eg ikkje gidda. Det skal så mykje til for at politikarane får gjort endringar, det er så mykje byråkrati.

Er det ingen saker du er spesielt opptatt av?

– Det går mykje i bil her. Men det med billegare barnehage er topp. Når ting blir bestemt tenker eg berre; nå er det sånn.

Du har tiltru til politikarane?

– Eigentleg ikkje, men det er dei som bestemmer. Eg får ikkje gjort noko med det. 

Og viss nokon, som sit med makta etter valet, gjer ting du ikkje likar?

– Då kan eg ikkje klage når eg ikkje har stemt. 

Carina Thorvaldsen (FrP), varaordførar i Seljord kommune, ønsker at fleire unge menn brukar stemmeretten.

– Vurderer valomat

På tide å få inn varaordføraren i samtala. Ho var 26 år sist gong det var stortingsval. Er det noko Carina kan seie som får Torje til å ville stemme?

– Eg kan ikkje tenkje meg at det hjelper at ho prøver, ler Torje.

Kvifor bør Torje stemme ved valet, Carina?

– Fordi det å ikkje stemme er ei halv stemme til dei du likar minst, svarar ho.

– Men når preferansane ikkje er der, så betyr ikkje det noko, kontrar Torje.

Så fortel han at han vurderer å prøve valomat, noko Carina støttar han i. Ho oppmodar han til å prøve fleire valomatar.

– Får eg eit tydeleg svar der, er sjansen større for at eg stemmer. Viss ikkje, så kan det jo hende eg stemmer blankt. Eg vurderte det til kommunevalet, seier Torje.

Kva trur du skjer om stadig fleire let vere å stemme?

– Nei, det er jo viktig for dei som driv med dette, som sit og ventar på stemmer, at det kjem inn nokre stemmesetlar.

Det kan i verste fall tolkast som at du er likegyldig til demokratiet?

– Nei, det er nå berre sånn eg tenker om dette. Skulle eg ha forklara det bort, kunne eg ha hamna i ein skikkeleg graut, seier han, og smiler breitt.

 – Ganske kule alle mann

– Ja, eg skal stemme. Eg er fast bestemt på å bruke stemmeretten min, det er ingen tvil.

Det seier Even Tjæreberget (20) hos Power på Telesenteret. Carina smiler og spør om han har bestemt seg for parti.

– Ikkje heilt ennå, men eg har nokre tankar rundt det, svarar Even.

Me tar turen til Seljord folkehøgskule og møter Alvin Moe (20), som er stipendiat. Han er, som Even, førstegongsveljar ved stortingsvalet.

Even Tjæreberget (20) jobbar på Power på Telesenteret og er førstegongsveljar ved stortingsvalet 2025.

– Eg skal stemme og er 80 prosent sikker på kva for parti eg skal stemme på, fortel han.

– Eg trur eg veit kva for parti det er, seier Tobias Moos (20), som også er stipendiat.

Alvin seier at distrikt, norske relasjonar til utlandet og utdanningstilbod er viktige saker for han. 

– Eg synest ikkje det var så lett å høyre kva han skal stemme på, seier Carina til Tobias.

– Det som er fint i Noreg, er at her er me ganske kule alle mann. Ein har respekt for kvarandre uansett parti, seier Tobias, og får nikk i retur frå Carina.

Tobias er opphavleg dansk, har ikkje norsk statsborgarskap, og får difor ikkje stemme. 

– Eg er veldig interessert i politikk og brukar tid på det. Eg stemte ved kommunevalet, for då fekk eg lov.

Tobias Moos (til venstre) og Alvin Moe er stipendiatar på Seljord folkehøgskule.

– Vanskeleg å velje

Kva tenker dykk om at 94 år gamle menn var flinkare til å stemme enn menn i starten av 20-åra ved førre stortingsval?

– Så sjukt teit! seier Tobias.

– Viss ein ikkje stemmer, har ein ikkje rett til å klage. Viss ein stemmer, kan ein faktisk kome med ønske. Det er jo også mogleg å stemme blankt. 

Alvin og Tobias trur det er samansette grunnar til at unge menn lar vere å stemme.

– Sosiale medium kan forvirre, og når ein kanskje ikkje sjølv heilt har funne ut kven ein er, er det vanskeleg å velje parti. 

Valforskar Bergh seier at livsfasen til unge vaksne, som ofte er prega av overgang og etablering av karriere eller utdanning, er noko som reduserer fokus på politikk.

Johannes Bergh, forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn ved IFS.

– Me ser også at politikken i Noreg i stor grad handlar om saker som kvinner gjerne er meir opptatt av enn menn, til dømes helsepolitikk, skulepolitikk eller eldreomsorg. Saker som ofte interesserer menn, som skattepolitikk, utanrikspolitikk, eller sikkerheitspolitikk, er noko mindre viktig i norsk politikk, i alle fall vanlegvis.

– Ei gruppe som er til sals

 – Eg kan sjå for meg at partiet ditt «chiller».

Danske Tobias har fått med seg at Carinas parti, FrP, trekker til seg fleire yngre, norske menn, og at Simen Velle, ungdomspartileiar (FpU) er i vinden.

– FrP treffer denne aldersgruppa. Du har ikkje den vanskelegaste jobben der, seier Alvin til Carina.

Han meiner økonomisk fridom og tydeleg bodskap, til dømes i pride-debatten, betyr mykje.

– Dei har vore gode til å nå unge menn som oss. Me blir nesten presentert som ei slags gruppe som er til sals. FrP har sagt; velkomen hit!

Forskar Bergh meiner alle parti må bli flinkare til å møte dei unge.

– Dei unges haldningar og synspunkt ville blitt sterkare representert i politikken viss fleire stemte.

Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK. 

Powered by Labrador CMS