Engasjerte: Elevrådsrepresentantane ved Seljord barne- og ungdomsskule viste formannskapet og kommuneadministrasjonen rundt i skulebygga. – Me må ut av skulebygget for å gå på do, det er bare kaldt vatn i krana, stolane er i dårleg stand og vonde å sitja på, og pultane er alt for små når ein både skal ha bøker og data på pulten, fortalde mellom anna 9.-klassingen Alexander Norgaard. Til venstre: Celina Lauvstad (10a).

– Me skulle gjerne ynskt at det kom varmtvatn i krana litt raskare, så ein slepp å vaske seg i kaldt vatn

– Me veit det er store opprustingsbehov ved Seljord barne- og ungdomsskule, og det hastar å kome i gang, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) etter at formannskapet fekk omvising av elevrådsrepresentantane.

Rektor Ingunn Haugland ved Seljord barne- og ungdomsskule hadde nyleg ei orientering for formannskapet om stoda ved Seljord barne- og ungdomsskule, og tankar om å samle dei to skulane i sentrum til ein fellesskap.

– Me har store utfordringar med mangel på rom og utforming av skulebygga, og me saknar eit bygg mellom ungdomsskulen og barneskulen for å samle både elevar og dei tilsette. SFO har til dømes svært liten plass, dei sit mellom anna i garderoben på plassen sin når dei et, sa Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva tenker ordføraren om rektors tankar om å samle 1. — 10. klasse i eitt skulebygg?

– Samanslåing av barneskule og ungdomsskule skjedde nok for raskt i si tid, utan at det den gongen blei vurdert konsekvensane av at dei er i to heilt separate bygg. Om me greier å realisere ei samanbygging av skulane kjem heilt an på kva økonomi som ligg i dette, og kva løysingar som er råd å få til, svarar ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Dårleg standard: – At elevar i alle aldrar ikkje går på do i løpet av ein skuledag på grunn av standarden er uhaldbart, seier ordførar i Seljord, Beate Marie Dahl Eide (Sp). Her saman med rektor Ingunn Haugland, rådmann Rikke Raknes, Ingvild Haugerud Øverland (Ap) og Margit Elise Karlsen (H)

Må ut på do

Dei folkevalde gjekk vegen frå kommunehuset til skulebygga i sentrum der elevane tok imot politikarar og administrasjon utanfor ungdomsskulen.

Her blei dei møtt av elevrådsrepresentantane Mata Tukhanovna Gadamurova (10B), Celina Lauvstad (10A), Alexander Norgaard (9B), Ida Øygarden (8A), Saifullah Tukhanovich Gadamurov (8B), Elias Aamot Simonsen (8A), Gunhild Aase (6B) og Olav Johannessen (5B).

– Me må ut av skulebygget for å gå på do. På jentedoen kan ein sjå inn glasa utanfrå dersom ein til dømes skal skifte, og inne på do kan folk både sjå under og over båsane inn til toaletta, fortel 8.-klassingen Ida Øygarden.

– Slik er det på gutedoane også, og me skulle gjerne ynskt at det kom varmtvatn i krana litt raskare, så ein slepp vaske seg i kaldt vatn, seier 9.-klassingen Alexander Norgaard.

– På barneskulen er det også slik på doane, nokon klatrar opp og ser når andre er på do. Det er elevar som held seg heile dagen, fylgjer 6.-klassingen Gunhild Aase opp.

På ungdomsskulen er det totalt hundre elevar i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er bare kaldt vatn i klasseromma også, kanskje nokre elevar droppar å vaske hendene sidan vatnet er så kaldt, seier 10.-klassingen Mata Tukhanovna Gadamurova.

Nokre av politikarane blei overraska over at det ikkje var toalett inne i ungdomsskulebygget, og meinte at det burde vere enkelt å legge litt film på glasa som eit strakstiltak slik at elevane ute ikkje såg inn til toaletta.

– Er elevane med på vernerunden på skulen, undrar Margit Elise Karlsen (H).

– Nei, svarar rektor Haugland.

Lite kjøkken: Det blir trongt inne på kjøkkenet i kantina når 20 elevar skal lage mat saman. – Uhaldbart, meinte Mogens Iversen (Frp).

Små rom og dårleg utstyr

På skulerunden fortalde elevane at mange av dei digitale tavlene i klasseromma var umoderne, og at stolar og pultar fungerte dårleg.

– Stolane er i dårleg stand og vonde å sitja på, og pultane er alt for små når ein både skal ha bøker og data på pulten. Lyset i klasseromma er også veldig sterkt og kvitt, og det er ikkje led, så dei brukar mykje straum, seier Norgaard.

I gangen utanfor klasseromma samlar gjerne elevane seg i friminutta.

– Når me får vere inne blir kanskje mange att i klasserommet. Men me ynskjer jo å vere sosiale og ville gjerne hatt sitjegrupper i gangen, det er ganske trist og grått her, meiner 10.-klassingen Celina Lauvstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

På turen gjennom skulebygget var det fleire ynske og behov som dei folkevalde fekk presentert frå ungdommane, dei sakna betre ventilasjon, materiale, verktøy som fungerer, meir lagringsplass og dører som ikkje låser seg automatisk inn til klasseromma.

– Heile låsesystemet på skulen er så forelda at ein får ikkje lenger tak i fleire nøklar, fortel rektoren.

Lite kjøkken og fukt i ubruka rom

Elevane tar med politikarar og administrasjon ned den smale trappa til kantineområdet i kjellaren av skulebygget.

– Tretrapp, det er då ikkje lovleg med ei tretrapp her — det må vere brot på brannforskrifta, meiner Mogens Iversen (Frp) før han blir endå meir oppgjeven når elevane viser fram storleiken og tilstanden på kjøkkenet i kantina.

– Me er mange som har kantine som valfag, men kjøkkenet er for lite og utstyret svært dårleg, seier Norgaard og ytrar elevane sine ynske om eit større og betre kjøkken ved det store kjellarrommet som bare blir bruka i matfri og til kantine.

– Me har nok litt kummerlege tilhøve her, seier rektor.

Både rektor og elevane har sagt at dei ikkje har nok rom til disposisjon på skulen, så elevane viser eit stort kjellarrom knytt til kantinedelen som ikkje er i bruk på skulen i dag.

– Dette er eit rom som me ikkje kan bruke, fortel elevane, medan ein kjenner den klamme kjellarlufta slår imot medan me går inn i rommet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her er det fukt, eg blir uroleg for at det kan vere mugg, seier ordføraren og dei folkevalde går raskt ut av det store ubrukte rommet att.

– Me skulle gjerne pussa opp dette rommet, og me kunne kanskje bruka det til grupperom, fortel elevane.

Tretrapp ned til kjellaren: – Tretrapp, det er då ikkje lovleg med ei tretrapp her — det må vere brot på brannforskrifta, meinte Mogens Iversen (Frp)

– Det hastar med å kome i gang

– Me veit det er store opprustingsbehov ved Seljord barne- og ungdomsskule, i tillegg er me opptekne av å ha eit best mogeleg innhald i skulen. Me må jobbe på ein måte som sikrar at alle får den opplæringa dei har krav på og at alle elevar trivst og har det godt i Seljordskulen, seier ordføraren.

Ho legg til at det er viktig at dei folkevalde har god oversikt, slik at dei har best mogleg grunnlag både for å legge driftsbudsjettet og til å vedta investeringar.

– Investeringar og vedlikehald i skulebygg har dessverre vore nedprioritert i Seljord i mange år, og det er heilt klart eit behov for å ruste opp Seljordskulen. Det gjer inntrykk at spesialromma på ungdomsskulen er så ekstremt nedslitne som dei er, og at toalettforholda er såpass dårlege på begge skulane. At elevar ikkje går på do i løpet av ein skuledag på grunn av standarden er uhaldbart! Det er òg relativt dårleg inneklima i underetasjen på ungdomsskulen, og for lite naturleg lys i mange av romma, seier ordføraren.

Klam kjellar: – Her er det fukt, eg blir uroleg for at det kan vere mugg her, sa ordføraren og dei folkevalde gjekk raskt ut av det store ubrukte rommet i kjellaren att.

Må utgreiast grundig

Ordføraren seier at ho vil at rehabilitering og eventuelt nybygg ved Seljord barne- og ungdomsskule skal bli greidd ut grundig, med ulike utbyggings-/ombyggingsalternativ og kva desse vil ha å seie for drifta ved skulen.

– Me må få alternativ på bordet, både med tanke på investeringskostnadar og korleis dette vil slå ut for skuledrifta. Me må sørge for at me får ei god drift ved skulen. Elevtalet går ned i åra framover, det er sjølvsagt ein trend me ynskjer å snu, men me må ha ei drift og eit bygg som fungerer uansett elevtal opp eller ned, seier ho og legg til at det er sett av 10 millionar i denne økonomiplanperioden til dette arbeidet.

– Fyrst må me få i gang ein prosess der elevar, lærarar og tillitsvalde får vere med, så må me engasjere eksterne rådgjevarar som er gode på skulebygg som kan hjelpe oss vidare både med tanke på gode løysingar for det skulefaglege og på det byggtekniske, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vanskeleg å seie når ein ny skule i Seljord kan stå klar, meiner ordføraren, sidan det per no er for mykje ein ikkje veit om omfanget av prosjektet, men ho lovar å halde fullt trykk på dette framover.

Ordføraren seier at ho, saman med rådmannen, vil finne ut korleis dei kan få framdrift i saka, og få dei naudsynte sakene fram til politisk handsaming.

– Me får ein ny kommunalsjef for oppvekst på plass 1. desember, men det er viktig at me snarast råd kjem i gang med tankar og eit konkret arbeid med skulen, meiner ordføraren.