Ap-benken: Kjell Magne Grave vil ikkje at prosjektet skal innehalde datalagringssenter. – Me seier ikkje ja eller nei til datalagringssenter i dag, meinte Hilde Alice Vågslid (t.h), her saman med Tove Palmork Haavelmoen og Olav Storåslid.

– Me seier ikkje ja eller nei til datalagringssenter i dag

Førre veke løyvde Tokke-politikarane 300 000 til eit forprosjekt for industriutvikling i kommunen. Men eit endeleg ja eller nei til om prosjektet kan innehalde datalagringssenter ville ikkje fleirtalet gje på nåverande tidspunkt.

Det var Kjell Magne Grave (Ap) som ville seie nei til datalagringssenter.

– Eg synest ikkje det er rett å bruke kommunen sine midlar på å bygge datalagringssenter som ikkje gjev noko særleg med arbeidsplassar her, forklarte Grave, som elles støttar prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var ikkje aleine om skepsisen til datalagringssenter, og fekk med seg seks andre politikarar, Nils Gjerde frå same parti, Tom Ivar Gullseth (SV) og Sp-representantane, Thor Arne Heggtveit, Sverre Bakke, Geir Arild Djuve og Jon Aslak Austjore.

– Eg synest det er vanskeleg på nåverande tidspunkt å sette strek mot datalagringssenter, for det er så mangt, eit stort spekter. Eg vil støtte at me går vidare, men tek med oss innvendingane som kjem her, meinte Benedikte Nes (MDG).

Ho fekk full støtte frå Ap sin gruppeleiar, Hilde Alice Vågslid.

– Me seier ikkje ja eller nei til datasenter i dag. Me bør gå vidare før me er for bombastiske, sa ho.

Rimeleg kraft og god tilgang

I fjor haust løyvde politikarane 100 000 til eit forprosjekt, som vart utført i vår. Oppdraget var då å «gjennomføre eit forstudie og utarbeide eit grunnlagsdokument for etablering av datasenterverksemd eller annan kraftkrevjande verksemd i kommunen». Studien skulle også sjå på potensialet for arbeidsplassar og andre positive ringverknader, samt vurdere miljømessige konsekvensar.

Ifølge kommunalsjefen har forstudien vist at det er to kraftkrevjande næringar som kan vere aktuelle, datasenter og hydrogenproduksjon. Begge næringane vil produsere mykje overskotsvarme og det vart derfor også sett på andre næringar som kan gjere nytte av denne overskotsvarmen, som veksthus og fiskeoppdrett på land. Fiskeoppdrett treng i tillegg oksygen som er eit biprodukt frå hydrogenproduksjon.

Det langsiktige målet er å skape varige kompetansearbeidsplassar i kommunen som gjer det attraktivt å busette seg i regionen. Dette kan ein oppnå gjennom å trekke til seg seriøse aktørar som er økonomisk berekraftige og har eit langsiktig perspektiv.

Ordførar Jarand Felland (Sp) orienterte om bakgrunnen for saka i kommunestyret førre veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tokke har ei ordning med rimeleg kraft til alle abonnentar som er lokalisert i kommunen, i tillegg har me god tilgang. Og særleg god tilgang har me frå nye kraftverk til Vistadmoen og opp til Skafså og Åmdals Verk. I Høydalsmo har me dessverre ikkje den same ekstra tilgangen, me har jo straum der, men der er det krevjande å etablere store uttak. Det er det ikkje nett til, sa Felland.

– Me har i alle fall eitt selskap som er interessert, og som har vore her to gonger, og me har nokre andre som også ser på moglegheitene. Eitt er Dalen mekaniske som ser på ein moglegheit for utviding av sin produksjon på Tokkestad, informerte ordføraren.

Dei 300 000 til å gjennomføre forprosjektet vart løyvd samrøystes, medan forslaget frå Grave om å seie nei til datalagringssenter fall med fjorten mot sju røyster.