Ny portal: Hans Flaaten og Anne Gro Lønnestad ynskte i sommar velkomen i det nye inngangspartiet til Seljord hage.

– Me må vise at me set pris på jobben som blir lagt ned. Verdien av hagen er stor.

Signalet var tydeleg frå formannskapet: Dei vil vise at kommunen set pris på Seljord økologiske hage.

Men det fylgde ikkje noko kroner med torsdag då formannskapsmedlemmene ein etter ein tok ordet for å seie kor positiv hagen ved den vidaregåande skuleavdelinga i sentrum er. Korleis kommunen i framtida vil støtte hagen, vil politikarane kome tilbake til i budsjettet som blir vedtatt 10. desember.

Seljord økologiske hage er ein ideell organisasjon og blei stifta i 2017 av Hans Andreas Flaaten og Anne Gro Lønnestad. Dei søkte kommunen om 232 000 kroner i 2021 for å få budsjettet i balanse, i tillegg til eit årleg driftstilskot frå 2022 på 150 000 kroner. Det er planar om eit spleiselag med både kommune, næringslivet og besøkande, og det er eit ynske om å betale driftsansvarleg, som har jobba gratis i hagen i tre sesongar, 300 000 kroner i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil sende eit signal om å sjå på løysingar for å støtte Seljord Hage. Det er viktig at dei får ei føreseieleg framtid. Me må vise at me set pris på jobben som blir lagt ned. Verdien av hagen er stor, sa Carina Thorvaldsen (Frp).

Sondre Aasan (Sp) var også klar på at paritet med både ordførar og varaordførar i samband med budsjettet vil sjå på korleis kommunen kan støtte hagen.

Det blei elles i ordskiftet peika på at også skuleelevane i Flatdal må ha nytte av hagen i Seljord sentrum.