Båtgjest: Jarle Andersen og kona hadde ein stopp på gjestebrygga i Kviteseid på veg opp Telemarkskanalen. – Me kosar oss sjølv om det regner. Her har me straum, og det er akkurat som å vere i campingvogn, smiler han.

– Me kosar oss sjølv om det regner. Her har me straum, og det er akkurat som å vere i campingvogn

Ein einsleg fritidsbåt ligg på gjestebrygga i Kviteseid tysdag, eit uvand syn for brygga har stort sett vore full den siste månaden. Jarle Andersen og kona er på båtferie, og storkosar seg trass i regnvêret.

Du har kanskje høyrt at kanalen er stengt for fritidsbåtar i dag på grunn av høg vasstand?

– Nei, men då eg passerte Hogga sluse merka eg det var god straum i vatnet, seier Andersen når me møter han utanfor fritidsbåten på gjestebrygga i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje kvart år det passar å bruke båten, men i år passa det å vere litt på vatnet, smiler han nøgd.

Han og kona har tatt turen frå Lillehammer. Førre gong dei tok turen opp Telemarkskanalen til Dalen var i 2004.

– Me kom til Skien torsdag kveld, og fredag starta me å køyre oppover i kjempefint vêr. Me stoppa og bada på Nordsjø og reiste vidare til Lunde på laurdag. Der var det både straum og vatn og me kunne ete og kose oss. Måndag var det mykje betre vêr enn meldt, så då gjekk me i opphaldsvêr nesten frå Lunde til Kviteseid, fortel han.

Dei siste vekene har det vore fullt på gjestebrygga i Kviteseid, tysdag var gjestene frå Lillehammer åleine på brygga.

– Det er kjempefint her, me har tilgang på straum og reine toalett rett ved brygga. Det er som å vere på campingferie, seier han og smiler medan regnet framleis trommar på regnjakka.

Paret har planar om å reise vidare til Lårdal og Dalen før dei vender nasen nedover att til Skien om nokre dagar.

Mykje gjester: Det er mange turistar som har nytta vassvegen opp Telemarkskanalen for å besøke Kviteseid i sommar. Her frå ein fin julidag.