Landbruks- og matministerminister Sandra Borch (Sp) og regjeringa øyremerkjer 10 millionar kroner til dyrevelferd og tilsyn. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Mattilsynet får 20 millionar ekstra frå regjeringa

Veterinærane i Mattilsynet har ropt varsku om konsekvensane av ressursmangelen for dyrevelferda. No løyver regjeringa 20 millionar kroner ekstra til tilsynet.

– Halvparten blir øyremerkt dyrevelferd og tilsyn, nettopp fordi Mattilsynet har sagt at dei treng midlar til å drive tilsyn, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) til NRK.

Fleire veterinærar i Mattilsynet har i seinare tid gitt offentleg beskjed om at dei har måtta nedprioritere viktige tilsyn på grunn av ressursmangel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje stort handlingsrom i tilleggsproposisjonen som skal behandlast i Stortinget, men dette er eit viktig signal frå regjeringa om at vi ønskjer å styrkje Mattilsynet, seier Borch til kanalen.

(©NPK)