Line mista brått pappa og tante. I haust kan ho få plass på Stortinget
Line Marlene Haugen (32) er 2.-kandidat på stortingslista til Telemark FrP. Me møtte ho midt i valkampen for å snakke om sorg, ADHD-diagnose, og partiet hennar FrP – som kanskje kan gje ho ein plass på tinget.
– Min måte å ta tak i ting på er å snakke med folk.
Line Marlene Haugen (32) seier ho er som ei open bok. Ho deler gjerne viss ønskeleg. Sjølv har ho opplevd at å snakke om det som er vanskeleg kan vere heilt avgjerande.
– Det er ikkje så ofte ein pratar om dei djupaste tinga. Eg er veldig glad for at eg fekk moglegheita «den gongen», og at eg framleis kan prate om det.
Heime i Edland, i barndomsheimen, tar 2.-kandidaten til Telemark FrP imot VTB til ein prat på verandaen. To store leonbergarar, Coco og Zorro, har ønska oss velkomen, og Line serverer kaffi frå termos. Seinsommaren byr på godt vêr og gode temperaturar – i dobbel forstand for Line.
– Det er veldig gode val-målingar akkurat nå, smiler ho.
Det var lett å finne fram til deg her oppe.
– Du såg bilen min ja?
Ho ler. Line, som til vanleg er rektor på Gransherad skule på Notodden, køyrer rundt i ein FrP-bil med eit stort bilete av seg sjølv på sida.
– Eg vil jobbe for å ruste opp fylkesvegane i Vest-Telemark. Då eg køyrde til Fyresdal her om dagen, trudde eg seriøst at eg skulle slå i hel bilen min. Det er det fælaste! Og der pendlar folk kvar einaste dag.
– Sorga blir ikkje borte
Før me snakkar meir politikk, spolar me tilbake til Lines barndom i Vinje. Til ei hending som blei til ei livssorg. Berre 12 år gamal mista ho far sin i ei arbeidsulykke.
– Eg hugsar mamma kom inn på rommet og strevde med å få sagt det. Det gjekk først ikkje opp for meg. Å miste pappa var som å dette ut i «ingenting.» Eg var ei skikkeleg pappajente, og samtidig usikker på meg sjølv. Pappa var ankeret mitt, han heldt familien samla.
Ånund T. Haugen jobba på ei øy i Molde med Ormen Lange-prosjektet. Under arbeid med å fylle sement under høgt trykk i fjellhallen, løsna ein del av utstyret og trefte han i halsregionen i stor fart.
– Eg hugsar minnemarkeringa inne i tunnelen, men eg hugsar ikkje kva dei sa. Då me såg brakkerommet til pappa, knakk gome (bestemor) saman, det er det eg hugsar best frå turen.
Line har framleis periodar der ho tenker mykje på pappa.
– Sorga blir ikkje borte, men ein lærer seg å leve med ho. Det er viktig å prate. Eg liker at folk spør meg direkte, men det er ikkje så mange som gjer det.
Line må få framsnakke prostidiakon Eilev Erikstein, som ho snakka mykje med i oppveksten. I klassa hennar var dei tre(!) jenter som mista ein forelder i løpet av få år, og prostdiakonen var ofte innom.
Det er viktig å prate.
– Eilev var heilt fantastisk. Han åleine var som eit kriseteam. Han fekk oss til å prate. Når han kom med karamellar og seigmenn, så tenkte me ikkje på at det skulle vere psykolog-time, men det blei det. Han har ei eiga evne til å ta til seg ting, og er genuint glad i folk. Det har betydd mykje.
– All ære til dei
Line levde i ei boble etter farens død. Ho valde å bu hos gome og goffa (farens foreldre) ei tid. For å vere nærare pappa.
– Eg dreiv bort frå fotballen, byrja å røyke og fekk mange, eldre vener. Skulle eg angre på noko, er det røyken. Det var dyrt og superteit. Men det var jo mykje som var teit på den tida.
Berre eitt år før Lines far døydde, hadde tanta hennar døydd av hjerneblødning, 33 år gamal.
– Tenk; gome og goffa hadde fire ungar, og har mista to av dei.
Ho ser ut i lufta og tenker på besteforeldra og mor hennar, før ho seier;
– Det er jo eigentleg heilt sjukt det dei har opplevd. All ære til dei, for måten dei har stått i det på.
– Input heile tida
– Medisinar har endra livet mitt. Nå klarer eg å luke ut det som er viktig, og veit kva eg bør fokusere på.
Line har fått ADHD-diagnose i vaksen alder. Det har ho ikkje snakka høgt om før, men nå er ho klar.
– Det har vore frykteleg slitsamt i periodar. Eg kom heim frå jobb, og måtte berre sove. Eg gjekk på høggir heile dagen og trong søvn for at hovudet skulle få pause.
Ho seier ho ikkje var hyperaktiv på skulen, og at ho hadde gode karakterar.
– Men eg har alltid hatt eit driv i meg. I tillegg er eg frykteleg sta, og vil ikkje vere dårlegast. Då eg fekk ADHD-diagnosen fekk eg tips om mange, gode strategiar. Med medisinar klarer eg nå å utnytte driv og staheit slik at det blir ein bra kombinasjon.
Kva slags strategiar er det snakk om?
– Eg har vore litt skippertaktype. Nå har eg lært meg å sortere og prioritere. Eg brukar kalender og skriv ned kvar minste ting. Hugs det, og hugs det. Eg skriv prioriteringslister, og er tru mot dei. Eg veit også at det er viktig å spørje om hjelp og snakke om ting. Eg snakkar mykje med venninner og kollegaer.
Eg har alltid hatt eit driv i meg.
Line seier ho har høg arbeidskapasitet.
– Det kjem jo input heile tida, og det er berre eg som kan sette avgrensingar. Eg er ikkje lenger så opphengd i kva folk tenker og meiner om meg.
Nokon meiner at det ADHD-diagnostiserast og medisinerast for mykje?
– Eg må berre sei at den beste medisinen for ADHD er rutinar, svarar ho.
– Og ja, ADHD kan vere ei forklaring, men det er inga unnskyldning.
– Bekymra for skulen
Line har alltid vore samfunnsengasjert. Samfunnsfag og historie var det mest interessante på skulen. 25 år gamal, i 2018, melde ho seg inn i Vinje FrP.
– Eg har alltid lika å diskutere.
Som lærar har ho kjend på frustrasjon over tilrettelegging.
– Det går utover alle dei andre elevane når det blir sydd puter under ein elev. Samfunnet og skulen rettar seg for mykje etter meg og mitt, eg er bekymra for skulen.
Ho var vore litt irritert for at FrP «diltar etter» Høgre i skulepolitikken.
– Me må ha fokus på skule. Der sit framtida. Det var ein av hovudgrunnane til at eg ville vere med å påverke.
Då ho flytta til Notodden i 2019, blei ho raskt spurt om å sitte i styret for Notodden FrP.
– Etter eitt år kasta eg meg uti det. Me har bygd opp eit bra lokallag, og eg sit no i formannskap og kommunestyre.
Eg har alltid lika å diskutere.
Familien til Line heime i Edland er også politisk engasjerte, men i parti som Sp, Ap og Høgre.
– Sviktar du distriktet og alle dei der heime? Du kunne til dømes ha valt Sp?
– Nei, eg har ein anna tanke om kva som er god distriktspolitikk. Landbruk er viktig, men FrP meiner me får gjort meir med færre lover og reglar som avgrensar. Distrikta er avhengig av at det bur folk her. Me støttar næringslivet, og vil ha gode primærtenester.
– FrP vil til dømes kutte i støtte til bønder. Korleis skal det gå med små gardar i Vest-Telemark då?
– Det å drive smått er vanskeleg. Det er mange lover og reguleringar å forhalde seg til. Matberedskap er viktig, men då kan me ikkje ha avgrensingar på produksjon. Bøndene må få moglegheit til å gjere drifta meir lønnsam. Å slå saman gardar er då eit alternativ.
– Bygda forlét meg aldri
Line kan prate seg varm om mange hjartesaker. Ho seier at ho absolutt vil jobbe for at kommunane får meir pengar til primærtenester.
– Ein skal få kome på sjukeheim i den kommunen ein bur i. Og la det vere sagt; me treng både offentlege og private tilbod.
Line blir verande på Notodden inntil vidare, om ho ikkje skulle få plass på tinget da.
– Men bygda forlèt meg aldri, seier ho.
Ho er stolt av heimplassen i Vest-Telemark.
– Det er eit unikt, jordnært folk med ein tøff kultur.
Tøff kultur?
– Ja, for meg var det råning - med klistremerke og lange augevipper på bilen - då eg var ung. Så harry at det var krise, ler ho.