Stor skilnad: Medan straumprisen er rekordlåg, er det ein langt høgare pris for nettleiga i Vest-Telemark. Langt mellom kundane gjev høg nettleige.

– Langt mellom kundane gjev høg nettleige

Dette seier Erik Skjervagen, styreleiar i Vest-Telemark Kraftlag (VTK), i ei tid der nettleiga utgjer størstedelen av straumrekninga.

I juli var kraftprisen til VTK nede i 5 øre kilowattimen (kWh) pluss moms, medan Skjervagen opplyser at prisen i Sør-Sverige nå ligg på 54 øre per kWh. Nettleiga per kWh i VTK var på 53,16 øre pluss moms i juli. I tillegg er det i år eit nettleigefastbeløp på 3600 kroner pluss moms, som blir fordelt på månadsrekningane.

Styreleiar Skjervagen forklarar at nettleigeinntektene er prisen det kostar å drifte nettet, til dømes til vedlikehald og investeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nettleiga er stabil høg i Vest-Telemark fordi det er langt mellom kundane, seier styreleiaren.

Nettleiga i VTK blei sist auka 1. september 2015.

«VTK har høg nettleige, men blir samstundes målt til å vera mellom dei 20–30 mest effektive nettselskapa i landet», skriv Ketil Kvaale, administrerande direktør i VTK, i 2019-årsmeldinga for selskapet.

11. august skreiv VTB om rekordlåge straumprisar og at dei fyrste 7 månadene i år har straumprisen i gjennomsnitt vore på 9 øre.

Frå 1. juli var straumprisen til VTK 5 øre per kWh. Til samanlikning var prisen 37,5 øre i fjor på same tid, medan den var 57 øre på same tid i 2018.

Ein del av årsaka til dei låge prisane i år er at det er mykje snø i fjellet, uttala VTK i august-saka.

Vidare gjekk etterspurnaden etter straum ned, noko som hadde samanheng med koronaen.