Kvar vår kjem Astrid til Langlim.

Den tidlegare rådmannen i Kongsberg er lemmehjelp hos Håvard Jønnardalen.

Når vekene hennar i fjøset er over, sit ho heime og fylgjer med på viltkameraet i fjøset.

Lammehjelpa

– Lemminga er vårens vakraste eventyr. Desse vekene set eg av kvart einaste år, dei er nesten heilage, seier lemmehjelpa frå byen der ho står midt oppi sauelort og breking i fjøset til Håvard Jønnardalen i Langlim.

Publisert Sist oppdatert

Sauebonden spurde henne om hjelp då ho vart pensjonist, litt for spøk og litt på alvor. Astrid sa ja. Samarbeidet har vart frå 2014.

– Eg kunne ikkje drive med sau viss eg ikkje hadde hatt pensjonistane mine, ler Håvard.

For Astrid Sommerstad er ikkje aleine. Også Sigrid Østenaa har tidlegvakt i fjøset. Kvar morgon i femtida kjem dei to damene i mørkeret opp til fjøset. Dei veit akkurat kva dei skal gjera. Bonden sjølv kan få seg nokre timars søvn.

Lemmehjelpene Astrid Sommerstad og Sigrid Østnaa.

Frå høghæla sko til møkkagreip

– Når venner seier at eg er heldig som får jobbe med dei søte små lamma, så må eg smile litt, seier Astrid.

– Dei anar ikkje kor mykje arbeid det er. Alle dei tunge taka og lange dagar og netter som ligg bak det å drive med sau oppe i fjellbygdene.

Byjenta, som i starten knapt visste fram og bak på ein sau, har lært mykje på dei 13 åra ho har vore lemmehjelp i Langlim. Ho snakkar med djup respekt om bonden, og det som skal til for å få nokolunde økonomi ut av gardsdrift i bakkane oppunder fjellet.

Økonomi skjønnar ho seg på. Dei siste åra før ho vart pensjonist, var ho rådmann i heimbyen Kongsberg. I botn er ho utdanna lærar, men gjennom eit langt arbeidsliv har ho hatt ei heil rekkje leiarstillingar innanfor det offentlege.

– Då eg blei pensjonist ville eg gjera noko heilt nytt, noko eg ikkje kunne. Slik blei det sanneleg.

Tre krav til jobben

Ho og mannen har hytte i Langlim, og er der mykje.

Astrid Sommerstad og Håvard Jønnardalen.

- I eit joleselskap hjå Kristin (ektefelle og gardkjering) og Håvard spurde han meg plutseleg om ikkje eg kunne jobbe litt for han no når eg blei pensjonist. Eg trudde han var ute etter hjelp til papirarbeid, men nei då, det var i fjøset hjelpa var viktig. Fyrste året fotfylgde eg Håvard, og lærde meg blant anna kva som var bak og fram på sauen.

Fyrste lemminga ho var med på enda i naudslakting av sauen, fortel Håvard.

– Då trudde eg det var det siste eg såg til den dama. Men neste morgon kom ho like arbeidskry, og hadde attpåtil ein teori om kvifor sauen blei sjuk.

Astrid stilte tre krav før ho sa endeleg ja til jobben:

  • ho ville ikkje ha ansvar for liv og helse
  • ho ville ikkje ha løn
  • og alle lam som ho var med å hjelpe til verda, skulle heite Astrid

Ho lova å gjera sitt beste, og meiner det er eit vellukka prosjekt slik sett. Dei aller fleste lamma overlever, og det går bra. Etter kvart blei det slutt på at alle lamma skulle heite Astrid for det har blive veldig mange opp gjennom åra.

Det er arbeid med meining, ho og Sigrid kjenner at dei er til nytte.

Håvard Jønnardalen kan ikkje få fullrose pensjonistane «sine» nok.

- Det hadde ikkje gått viss eg ikkje hatt dei to. Av og til kjem studentar frå landbruksutdanninga på Søve i Nome og hjelper til, men det er meir sporadisk ordning. Sigrid og Astrid er kjernen. Og som pensjonistar har dei heller ikkje helgefri, det er eit pluss for han som skal få travle dagar til å gå i hop.

Skulle gje seg då ho blei 70 år

– Det sa eg klart frå om. 70 var den magiske grensa. No er eg 75 og har slutta å snakke om når eg skal slutte.

I fjor laga Håvard til ei vogn så det skulle vera lettare for meg å fore, seier ho.

Håvard legg til at han har planar om eit slags gåstolopplegg som gjer at lammehjelpa kan vinsje seg att og fram i fjøset ved hjelp av skjener i taket.

Det blir sagt med ein latter. Han har sjølv også passert det som blir rekna som pensjonsalder for folk flest, men det ser ikkje ut å plage han det minste.

I fjøset på Jønnardalen i Langlim har ingen tenkt å gje seg med det fyrste.

Dritlei

- Når det li utpå våren, er eg dritlei av lort, lamming og lite søvn. Slår Håvard fast. Det kjenner nok dei fleste sau- og geitebønder seg att i.

- Når det berre er få sauer att som ikkje har lemt, hender det at eg let lemming vera lemming og søv natta gjennom. Men Astrid, ho blir ikkje lei. Når vekene hennar er over, sit ho heime hjå seg sjølv og fylgjer med på viltkameraet me har i fjøset. Då kan eg få ei melding på telefonen midt på natta: No må du koma deg til fjøset, det er lemming på gang.

– Treffer eg henne ut på sommaren, kan ho seie: Å, no gler eg meg til neste lemming.

Powered by Labrador CMS