Frå 10. mai kan kyrkjene opne dørene att. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Kyrkjene opnar att

Frå 10. mai kan norske kyrkjer gjennomføre gudstenester, bryllaup, dåp og gravferder att etter at bransjestandarden for smittevern no er klar.

Kyrkjene vil gradvis bli opna etter kvart som nødvendige smitteverntiltak er på plass i kvar enkelt kyrkje.

Konstituert preses Atle Sommerfeldt er glad for at fleire får delta i dåp, bryllaup og gravferder, og at det blir mogleg å feire nattverd att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det kan sjå lyst ut for konfirmasjonane i haust som blir planlagde gjennomførte etter ferien. Det veit eg mange gleder seg til, seier han.

Sommerfeldt opplyser at det kan bli nødvendig med fleire konfirmasjonsgudstenester enn vanleg for å overhalde krav til deltakartal og avstand.

Kyrkjene stengde 12. mars, for første gong sidan mellomalderen, på grunn av koronakrisa. Det har sidan vorte halde gudstenester på nett, og dette tilbodet blir vidareført sjølv om det blir opna for meir ordinære gudstenester.

Når kyrkjene opnar att, er det maks tillate med 50 personar, og det må vere minst 1 meters avstand mellom personar.

(©NPK)