Korona- og vaksinasjonskart for Vestfold og Telemark

Det har vore ein vesentleg nedgang i talet på smitta frå veke 1 til veke 2 i kommunane i Vestfold og Telemark. Det viser data frå Sykdomspulsen. Samla risikonivå for fylket er på nivå 2 av 5. På nivå 2 har kommunen kontroll, men det finst klynger med smitta.

Det melder Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) i Vestfold og Telemark i ei pressemelding. Kartet finn du her.

Sykdomspulsen er ei nettside for kommunelegar frå Folkehelseinstituttet (FHI), som viser trendar for infeksjonar og legekonsultasjonar. For covid-19 blir det henta òg inn anonyme data frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og modelleringsresultater frå FHIs spreiingsmodell.

Lokale vedtak

Det er få lokale tilrådingar, vedtak eller forskrifter utanom i Skien, Porsgrunn, Bamble og Larvik kommunar. Enkelte andre kommunar har m.a. tiltak for bruk av munnbind i det offentlege rommet, kollektivreiser, drosje eller for helsepersonell, særleg der ein ikkje kan halda 1 meter avstand.

Risikovurdering

Kommunane rapporterer at dei har god kontroll i forhold til tilgjengelege ressursar. Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har utarbeidd eit korona- og vaksinasjonskart for Vestfold og Telemark med informasjon om smittestatus, vaksinestatus og risikovurdering av kommunane.

Korona- og vaksinasjonskartet for Vestfold og Telemark viser kommunanes eigne vurderingar av risikonivået.

Risikovurderinga er mellom anna basert på følgjande faktorar

• nivå og utvikling av førekomst av smitta (insidensen),

• testaktivitet

• kva grupper som er ramma, f.eks. kjønn, alder, fødeland, smittestad (utanlands eller utanfor kommunen) om smittevegane er kjent for dei fleste tilfella og

• om tilfella er del av kjente utbrot.

Elles melder Statsforvaltaren at kommunane i Vestfold og Telemark i lag med Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i dag vart samde om at dei sameinte råda og soneinndelinga blir oppheva frå i dag.

Inndelinga og råda har vore retningsgivande sidan 6. november og har hatt ein funksjon ut frå situasjonen som var.

Dei nasjonale råda i lag med smitteutviklinga i fylket, gjer at det ikkje lenger har same hensikt å oppretthalda soneinndelinga.

Ny modell for risikostyring frå FHI vil og ta over mykje av den oppgåva dei same sameinte råda har hatt. I fall det er trong for å samordna tiltak seinare, til dømes langs ein kollektivakse, vil den nye modellen nyttast til det, melder Statsforvaltaren i ei pressemelding.