Industriområde: Telemark bilruter har investert nesten 12 millionar kroner på det nye industriområdet i Nordbygdi i Seljord.

Kommunen vil signalisere at dei satsar på industriområdet i Nordbygdi

Seljord kommune og styret i Telemark bilruter møtest i dag.

VTB skreiv i sommar om at Telemark bilruter har investert nesten 12 millionar kroner på det nye industriområdet i Nordbygdi, men at den vidare framdrifta kjem an på Seljord kommune. I dag møtest partane.

Bakgrunnen for møtet er at styret i Telemark bilruter har engasjert advokat i saka om infrastrukturen på industriområdet i Nordbygdi. Konstituert Seljord-rådmann Frid Berge har invitert styret til dialogmøte med ordføraren i dag «for å kommunisere tydeleg at Seljord kommune satsar på Nordbygdi industriområde og at ein jobbar med å snarleg få oversikt over estimert kostnad for ei samla utbygging».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha eiga avtale

Telemark bilruter ynskjer ei eiga utbyggingsavtale med kommunen.

Kommunen ynskjer ei felles utbyggingsavtale mellom alle partane som har næringsinteresser i industriområdet – og meiner dette er best med tanke på tilskotsordningar og finansiering frå andre offentlege organ.

– Det er lite taktisk for realisering av industriområdet at Seljord kommune ikkje tenker heilskapleg når det er fleire interessentar som ynskjer å bidra, skriv rådmann Berge i saksutgreiinga til formannskapet som blir orientert om statusen på etableringa av industriområdet i Nordbygdi.

Vil koste opp mot 30 mill.

Kommunen har sett av nesten 15 millionar kroner til infrastruktur i investeringsbudsjettet (8,6 millionar til vatn og avløp og 5 millionar til «anna infrastruktur»). Men rådmannen skisserer at totalkostnaden vil liggje mellom 25 og 30 millionar kroner.

Rådmannen er klar på at den kommunalt vedtekne investeringsramma ikkje er nok til å finansiere og ferdigstille all naudsynt infrastruktur på industriområdet. Den øvste administrative leiaren i kommunen trur ikkje at kommunen og utbyggjar klarer å ta heile kostnaden og førebur derfor ein søknad til Vestfold og Telemark fylkeskommune, Telemark utviklingsfond og andre.

– Ein slik søknad krev forpliktande avtalar og der ynskjer Seljord kommune å nytte felles utbyggingsavtale som verktøy. Dette er kommunisert i fleire møter og langt på veg akseptert av dei fleste partane, skriv rådmannen til politikarane.

Det er gjennomført prosjektering av infrastruktur på avkøyring, bru og internvegar for heile området. Kommunen ventar no på estimert kostnad for utbygging. Det hjelper Statens vegvesen kommunen med. Anbodskonkurranse for kontrakt for prosjektering av vatn og avløpsnett til området ligg ute på Doffin (den nasjonale kunngjeringsdatabasen for offentlege anskaffingar) med frist for innlevering i slutten av august, kjem det fram i saksutgreiinga til formannskapsmøtet torsdag.