Rådmann: Jan Myrekrok

Stiller legar, helsepersonell, psykolog og bygg til kommunens disposisjon. Har 71 rom som kan brukast som isolat om det kjem eit utbrot i Vinje

Etter at rehabiliteringssenteret AiR i går stengde dørene for brukarane inntil vidare, blir personell og bygga på Rauland no tilgjengeleg for Vinje kommune.

Det opplyser Vinje-rådmann Jan Myrekrok til VTB.

– Me har alt eit samarbeid med AiR om psykolog, men dei kan også stille med dokter og andre til disposisjon for kommunen, seier rådmannen og legg til at kommunen snarast vil gje rehabiliteringssenteret ei liste over behovet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjærkome å kunne nytte seg av personellet på rehabiliteringssenteret. Om til dømes me skal bli få på sentralkjøkkenet, kan me få inn hjelp, seier han.

Rehabiliteringssenteret AiR har stilt alle sine legar, helsepersonell, psykolog og bygningsmasse til disposisjon for Vinje kommune. Det aukar beredskapen til kommunen.

– Det er eit økonomisk tap for AiR, og vi er svært takksame for at dei stiller opp på denne måten, melder ordførar Jon Rikard Kleven.

AiR har 71 rom der ein kan isolere og behandle smitta dersom det skulle bli eit utbrot i Vinje. Det kjem då i tillegg til avdelinga på sjukeheimen som no står klar og DPS i Seljord som Sjukehuset Telemark har klar.

Samfunnsansvar

Direktør Svein Kostveit ved rehabiliteringssenteret AiR seier dei har gjeve eit liste til kommunen over personell. I går meldte dei at den kliniske aktiviteten blir stoppa inntil vidare, og at det var nødvendig med permitteringar. Kostveit seier AiR vil ta sin del av samfunnsansvaret i den kritiske situasjonen.

– Me har hatt ein god og konstruktiv dialog med kommunen og har levert ei liste over personell. Drøftingane går vidare til måndag, seier Kostveit.

Les også
Klinisk verksemd ved AiR opphøyrer inntil vidare