Klinisk verksemd ved AiR opphøyrer inntil vidare

Direktør: Svein Kostveit.

Styret ved Rehabiliteringssenteret AiR AS har fatta vedtak om at den kliniske verksemda ved senteret opphøyrer med verknad frå arbeidsdagen slutt i dag og inntil vidare.

Vedtaket er fatta på bakgrunn av Korona-situasjonen slik den framstår i etterkant av dei omfattande smitteverntiltaka vedtekne på nasjonalt plan og lokalt i Vinje kommune. Vedtaket er i tråd med ei klar tilråding frå fylkesmannen, melder AiR i ei pressemelding.

Det er i samråd med dei tillitsvalde sendt ut permitteringsvarsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styreleiar Jan Otto Risebrobakken legg vekt på at både omsynet til deltakarane sin helsesituasjon og verksemda sitt ansvar for, av beredskapsomsyn, å skjerma eige helsepersonell for smitte gjer eit dette tiltaket naudsynt.

Tiltaket vil ha stor innverknad på både deltakarar som er her i dag, deltakarar som har fått innkalling og ikkje minst mange av dei tilsette, noko styret seier seg lei for. AiR vil sørge for god informasjon og best mogeleg tilrettelegging for dei som vert råka.