Klar melding: I filmen sin argumenterte Dølten-ungdommane for kvifor dei meiner klubblokalet på Haukelitunet er det beste alternativet. Eit poeng dei drog fram var trafikktryggleik. – Tidlegare hang jo mange utanfor Esso. Er det meir trafikksikkert enn å vere inne på Haukelitunet? spurde dei. Esso og Haukelitunet ligg attmed kvarandre nær E134 i Haukeli.

Klar melding frå Dølten-ungdommane til PMU: – Skjerp dykk!

Vegen vidare for ungdomsklubbane i Vinje var på sakslista då plan- og miljøutvalet (PMU) møttest onsdag før påske. Då tok ungdommane på Dølten i Haukeli ordet.

Dei hadde laga ein film til politikarane der dei seier rett ut at dei oppfattar saka som at politikarane vil stenge ned ungdomsklubbane. Vidare skildrar filmen kontrasten mellom dei gamle klubblokala deira på Fjellvang og dei nye klubblokala i Haukelitunet, og alt ungdommane meiner har blitt betre ved å flytte. Dei peikar også på at det ikkje finst andre alternativ til klubblokale i Edland/Haukeli.

– Den einaste staden ellers som er stor nok er Norheimstunet, der de gamlingar heng. Skjerp dykk! seier ungdommane på slutten av videoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapte blanda kjensler

Det var ungdomskoordinator Liv Kristin Krog som la fram filmen, og den fekk fram låtten rundt bordet fleire gonger. PMU-leiar Liv Sigrun Nykos Midtun (Sp) bad Krog helse til ungdommane.

– Du må helse og seie at det var ein fin film. Innovativt, kreativt og moro, sa Midtun.

Tone Edland (Sp) hadde litt meir blanda kjensler for filmen.

– Det var ein bra film, men det er feil å seie at politikarane ikkje vil ha ungdomsklubb. Det har aldri vore ein del av diskusjonen nokon gong. Alle har ønskt det. Men spørsmålet er korleis me kjem fram til ein stad å ha det på, sa Edland.

Bakgrunnen for saka er at ungdomsklubbane i Haukeli og Rauland nyttar lokale regulert til næring, noko PMU såg strengare på enn administrasjonen. I det førre møtet sitt, der PMU kunne vedtatt administrasjonen si tilråding om at klubbane fekk drive i lokala, vedtok dei i staden at ein måtte utgreie behovet for bruksendring og omregulering, og også kartlegge andre moglege lokale.

– Me stilte spørsmål ved formalitetane rundt flyttinga, heldt Edland fram.

– Må du ikkje ha bruksendring, sidan bygga dette gjeld er næringsbygg? Me må også ta diskusjonen om det er rett å ta næringsbygg til dette. Det er synd at det blir framstilt som om me vil ta kverken på dei, for det er det ingen som ønskjer.

Les også
Stor utvikling for ungdomsklubbane i Vinje i fjor – men dei siste to månadane har politikarar og bygdefolk trakka på bremsen

– Kven som eig kva bygg er irrelevant

Ungdomskoordinator Liv Kristin Krog fekk også ordet for å belyse saka. Ho var oppteken av ungdomsklubbane sin førebyggande funksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomskoordinator Liv Kristin Krog fekk ordet og fortalte politikarane om arbeidet med ungdomsklubbane i kommunen, og om kvifor desse klubbane er så viktige.

– Undersøkingar blant Vinje-ungdom viser fråfall frå fritidsaktivitetar, aukande rusbruk, og at møtestadar er eit sakn, fortalte Krog, og peika på at politikarane gjennom å støtte ungdomsklubbane har ein moglegheit til å bidra positivt til førebygging.

– På Haukeli har dei fått til noko unikt med å treffe dei som er mellom 18 og 25. Som Tone Lie sa; dei kunne vore kvar som helst, men dei var der, sa Krog.

Vidare peika ho på at ein må legge til rette for ein klubb ungdommane faktisk vil bruke.

– Det hjelper ikkje å ha eit bygg ein betalar for med mykje utstyr dersom ikkje ungdommane bruker der. Ein må ha med seg ungdommane på laget. Og då er kven som eig kva for bygg irrelevant, sa Krog, med tydeleg referanse til dobbeltrolla til næringssjef i Vinje, Knut Martin Edland, som eig lokalet Dølten no held til i.

Krog viste også til visjonen til Vinje og handlingsplanen for ungdom, der fleire punkt er eigna som argument for å stø opp om klubbarbeidet.

– «Me støttar initiativ til å skape møtestadar». Og «Me støttar eldsjelene», var blant sitata Krog drog fram frå kommunen sine eigne vedtekter.

– Og då veit de kven eg tenkjer på, la ho til.

Ungdomskoordinatoren la også fram tal frå Ungdata som viser at ungdommane i Vinje har lege langt under landsgjennomsnittet når dei har blitt spurt om dei meiner at dei har gode møtestadar. I 2021 oppgav 25 % av Vinje-ungdommen at dei opplevde at tilbodet om sosiale møtestadar var bra. Landsgjennomsnittet same året var 46 %.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva med Åmot?

Også i Åmot er det stifta eit ungdomsklubbstyre.

– Dei ventar på tilskott frå ulike tilskottsordningar for å koma ordentleg i gang. Det er eit motivert styre der, så det er viktig at me ikkje dyssar dei ned, sa Krog.

Tanken er at dei kan få til ein klubb i det gamle lokalet til Vinjebue. Krog forklarte kvifor ein ikkje tenkjer å etablere ungdomsklubben på Vinjehuset.

– Ein har prøvd i fleire omgangar der, både at dei har sitt eiget lokale og at dei har måtta vike for andre. Men det blir for mange andre stadar å vere, og det har vore problem med støy for naboar. Alt i alt ser me at dei vil ikkje vere der.

Nils Johan Svalastog Garnes (SV) var ein av dei som meinte ein ikkje måtte gje opp tanken om klubb på Vinjehuset.

– Eg synest det er problematisk at me har Vinjehuset med så mykje tilbod, og så kan me ikkje få til ein klubb der. Eg forstår at dei ønskjer å kjenne eigarskap og at dei liker å vere for seg sjølv. Men me må ikkje seie at fordi Vinjehuset ikkje har fungert før, så kan det aldri fungere igjen.

– Me kan ikkje forskottere at klubbane får bli

Vedtaket som vart fatta i PMU-møtet var at klubbane får halde fram mellombels, men det må søkast om bruksendring av lokala og dispensasjon frå arealføremålet innan 1. juni. Men alt i noverande saksutgreiinga står det at administrasjonen er positive til ei omdisponering, noko som fekk Edland til å koma med ei lita åtvaring.

– Me kan ikkje forskottere at klubbane får bli, for i handsaminga av dispensasjonen skal mellom anna vegvesenet uttale seg. Så det er synd at det blir forskottera at dette kjem til å gå igjennom, for det er ein prosess. Dispensasjonsrunden skal handsamast, det skal koma innspel og så skal det gjerast vedtak, sa Edland. Ho synest det er synd at saka har har kome skeivt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er synd at ein ikkje lytta til signal frå formannskapet då saka var der, om at formalitetane måtte på plass. Og det er synd at ein gjorde ein stor flyttejobb før dette var i orden. Så blir det framstilt som om me vil ta kverken på ungdommane sitt engasjement, men det er ikkje det dette handlar om, sa Edland.

Tek ungdommane på alvor

Nettopp ungdommane sitt engasjement var noko fleire drog fram etter at PMU-vedtaket var fatta onsdag.

– Der er så bra at ungdommane sjølve har engasjert seg. Då får ein slikt som i Haukeli. Og det har me ønskt i mange år, sa Bibbi Tveito (Sp).

Dette må politikarane også ta på alvor, meinte Midtun.

– Det er viktig å vise at me høyrer kva ungdommane vil. Ha tiltru til dei og vise at ein høyrer på dei er viktig. Me skal ikkje tulle med det, sa Midtun, som også informerte om at saka no vil koma opp i kommunestyret, etter ønske frå ordførar Jon Rikard Kleven.

Les også
Nye Dølten samlar både yngre og eldre ungdom: – Det er utruleg verdifullt, det dei har fått til her