Karianne Haustveit Aase.

Klar for omsorgsjobb i sommar

Karianne Haustveit Aase (21) er ein av mange unge vesttelar som skal jobbe i helsetenestene i sommar. Måndag var ho på introduksjonskurs. 

Publisert

– Dette blir interessant. Eg tek med meg alt eg kan av læring herfrå.

Det seier Karianne Haustveit Aase. Måndag er ho ein av 39 påmelde til ein felles introduksjonsdag i Seljord for ferievikarar som skal jobbe på sjukeheim, i heimesjukepleie, omsorgsbustad og bustad for menneske med funksjonsnedsettingar. 

Introduksjonskurset i Jakob Naadlandsveg 28 (DPS Seljord) samlar unge frå alle Vest-Telemark-kommunar, i tillegg til Midt-Telemark og Hjartdal.

– Det er tredje gong me arrangerer felles kurs, seier prosjektleiar Marianne Tråer i Simulering Telemark. Simuleringssenteret held til i kjellaretasjen i DPS-bygget i Seljord.

Prosjektleiar Marianne Tråer i Simulering Telemark

Fint i heimesjukepleia

Karianne Haustveit Aase kjem frå Nissedal, studerer pedagogikk i Kristiansand, og skal jobbe i heimesjukepleia i Nissedal i sommar.

– Eg har høyrd mykje fint om å jobbe i heimesjukepleia, har også jobba litt der, og det er mange flinke og snille kollegaer der, fortel ho.

Karianne ser fram til kursdagen i Seljord, og er glad for å ha sommarjobb innan helse.

– Eg trur det blir moro!

Det blir praktiske øvingar på introkurset.

Teori og praksis

Før lunsj måndag får deltakarane lære om teieplikt, avvik, alarmsymptom, kommunikasjon med pasientar og pårørande og utagerande/utfordrande åtferd.

Etter lunsj lærer dei om smittevern, hygiene, forflyttingsteknikk og fallførebygging.

– Det blir ei god blanding av teori og praksis, seier Tråer, som satsar på ein fin kursdag med kursdeltakarar og instruktørar.

Instruktørar frå venstre: Anne May Selstø, Marianne Tråer, Malin Lundevall og Henriette Stendal.
Ferievikarar klare for kurs.
Tråer leier kursdagen.




Powered by Labrador CMS