Saamund Tveit Bakkemoen (t.v.), Herman Jordbakke-Sigstad, Tollef Haugen og Titas Sabunas gjer seg klare til å bli tatt bilde av.

Kjempar i toppen etter opprykket

Seljord G16 har imponert i 1. divisjon i haust, men måndagskvelden sette Herkules ein stoppar for sigersrekkja til samarbeidslaget. 

Publisert Sist oppdatert

– Huff, det var for dårleg, seier kaptein Tollef Haugen. 

Han stod bakarst og dirigerte dei ti framom seg, men det ville seg ikkje heilt måndagskvelden. Seljord leia 1-0, men gjestene frå Herkules snudde kampen. Saamund Tveit Bakkemoen sytte mot slutten av kampen for uavgjort 2–2 med sitt andre mål for kvelden. Han mottok eit langt utspel frå Haugen, tok ballen elegant med seg og sette fart mot mål. Aleine med keeper var han sikker. 

Laga spela uavgjort også då dei møttest i Skien. 

I dei siste kampane har Seljord slått både Skarphedin og Notodden borte, i tillegg til Langesund/Stathelle/Bamble heime. Det er berre topplaget Pors dei har blitt sett skikkeleg på plass av i 1. divisjon. 

I vår var dei i 2. divisjon. Det blei «for lett» ifylgje gutane. Seljord-laget består av seljordingar, tre fyresdølar og Tollef frå Flatdal. Trenarane er fyresdølane Inge Aamlid og Torleiv Hvistendahl. 

– Det er litt naudløysing, det er ein kabal med trenarar, seier Aamlid. 

Dei som ikkje sprang rett i garderoben etter kampen: Edvard Witczak Telnes (f.v.), Ambros Klomset-Lønnestad, Natnael Amanuel Tesfay, Sondov Romtveit, Titas Sabunas, Tollef Haugen, Herman Jordbakke-Sigstad og Saamund Bakkemoen.
Frå sigeren mot Notodden: Tollef Haugen, Tarjei Røed Momrak, Ambros Klomset-Lønnestad, Saif Ullah Tukhanovich Gadamurov, Gaute Breivik Hvistendahl, Edvard Witczak Telnes, Herman Jordbakke-Sigstad, Natnael Amanuel Tesfai, Aksel Aamlid, Saamund Tveit Bakkemoen, Titas Sabunas, Sondre Dahl Kasland, Sondov Romtveit, Amani Jonathan Salumu (namna er ikkje i rekkefølge).

Frå Fyresdal er Tarjei Røed Momrak, Gaute Breivik Hvistendahl og Aksel Aamlid sentrale brikker i Seljord-laget. Trenar Aamlid seier laget har hatt ein liten formdupp utover hausten, men at dei likevel har vunne kampar. 

Trenarane Inge Aamlid og Torleiv Hvistendal.
Herman Jordbakke-Sigstad.
Herman Jordbakke-Sigstad
Saamund Tveit Bakkemoen
Saamund Tveit Bakkemoen
Saamund Tveit Bakkemoen har nettopp skåra det fyrste målet.
Ambros Klomset-Lønnestad.
Torleiv Hvistendahl
Tollef Haugen
Herman Jordbakke-Sigstad

– Det er vanskeleg å samle alle spelarane til trening, seier Aamlid. 

– Men alt i alt har det gått betre enn me hadde venta etter opprykket, legg han til. 

Powered by Labrador CMS