Nye medarbeidarar: Diakon Ingunn Liseter og organist Kjetil Bergheim er nye tilsette i Seljord sokn.

Ingunn og Kjetil er nye medarbeidarar i soknet

Seljord sokn har tilsett to nye medarbeidarar. Dei to nye er diakon Ingunn Liseter, og organist Kjetil Bergheim.

Diakon Liseter er frå Vestfold, og har tidlegare vore tilsett i same type stilling i mellom anna Gudbrandsdalen og Østfold. Den nye organisten er vestlending, og kjem til Seljord frå organistarbeid på Austlandet. I tillegg til å vere orgelspelar, er Bergheim svært fortruleg med bruk av hardingfele. Han har eit solid fotfeste i spelemannsmiljøet.

Sundag skal dei båe to bli framstilt og innsett i den kyrkjelege tenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette skjer i messe i Flatdal kyrkje, og me vonar at mange vil kome og vere med på å helse dei nye medarbeidarane våre velkomne, seier sokneprest Dag Harald Undheim.