Nesten 50 stilte til start i akekonkurransen

Blika Grand Prix i Svartdalsgrendi markerte starten på vinterferien.

Sjå video frå arrangementet i vindauget under. Filma og redigert av Ivar Barstad.

Blika Grand Prix 2024 from Holraven on Vimeo.

Akekonkurransen frå Blika gruver til skulehuset i Flatdal samla nesten 50 deltakarar i junior- og seniorklasse. Dette markerte starten på vinterferien, og både fastbuande og hyttefolk deltok. Skulehuset var varmebu og dei frammøtte kunne kose seg med bollar og varm saft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jarand Barstad har vore primus motor for arrangementet.

– Dette var så vellykka at me håpar å arrangere til neste år også. Me er veldig glade for at han steller istand ein slik flott familiedag for bygda si, og nabobygdene, seier Guro Mæland som har tatt bilda frå akekonkurransen.

Vinnarar

junior:

1. plass Jarand Sudgarden (13 år)

2. plass Eivind Lindvik (13 år)

3. plass Håkon Sudgarden (12 år)

Senior:

1. plass Johannes Ekre, Gudbrandsdalen

2. plass Patrick Darren Engvoldsen

3. plass Frode Flatland

Juniorpallen: Håkon Sudgarden (12 år, t.v.), Eivind Lindvik (13 år), Jarand Sudgarden (13 år).
Seniorpallen: Frode Flatland (t.v.), Patrick Darren Engvoldsen, Johannes Ekre