Torsdagsavis: I juli kjem VTB på torsdagar.

I juli kjem VTB ut på torsdagar

I dei fire vekene i juli samlar Vest-Telemark blad tysdags- og fredagsavisa i ei torsdagsavis.

Det vanlege frekvensen med papiravis tysdag og fredag blir frå veke 28 erstatta av ei vekesavis som kjem ut torsdagar.

Uvisse knytt til at Posten skal køyre annankvar dag frå 7. juli og færre store helgearrangement er blant årsakene til endringane i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange lokalaviser som reduserer frekvensen i juli. Me har tidlegare hatt to aviser kvar veke gjennom heile sommaren, men no meiner me det er rett å vera ei vekesavis i juli, seier redaktør Øystein Øygarden.

Det har om sommaren dei siste åra blitt to litt tynnare aviser i juli. I år seier redaktøren dei vil lage ei fyldigare avis på torsdag. Han understrekar at det ikkje blir mindre journalistikk i VTB – sjølv om turane til postkassene blir halvert.

– Me veit at mange føretrekkjer papiravisa og lovar å lage ei god torsdagsavis. I tillegg vil me halde oppe trykket på vtb.no. Det vil dessutan bli ei TV-sending, som er tilgjengeleg for abonnentane, om lag ein gong i veka, seier redaktøren, som legg til at frå august vil VTB igjen kome ut to gonger i veka.

– Har du ikkje oppretta tilgang til vtb.no, så gjer det! Og ta gjerne kontakt om du ikkje får det til, seier Øygarden.

VTB kjem ut på papir

Tysdag 30. juni, torsdag 2. juli

Torsdag 9. juli

Torsdag 16. juli

Torsdag 23. juli

Torsdag 30. juli

Tysdag 4. august, fredag 7. august