I dag blei kokevarselet i Seljord oppheva

Sidan 21. juli har dei som får vatnet frå høgdebassenget i Tømmeråsen i Seljord måtta koke vatnet.

I dag, meir enn to veker seinare, blei kokevarselet oppheva.

«Kokevarselet er oppheva. Vi har fått resultat frå siste vassprøve i dag tidleg 6.aug. 2022. Prøva var fin og i orden,» heitte det i sms som blei sendt til dei det galdt i dag.