Fem i finstasen: Plakettmottakarane Hans Martin Olsen, Sondre W. Evja og Johanna L. Krossbakken saman med styreleiar for Telemark 4H Iselin Byggstøyl og Anne-Nora Oma Dahle (Sp) frå Telemark fylkesting. Foto: Privat

Høgtideleg plakettfest for Sondre og Johanna

Laurdag 18. november var det storfin plakettfest for dei fem telemarkingane som i år har fullført heile 4H-løpet.

To av plakettmottakarane er kviteseidingar, og festen vart derfor arrangert på Kviteseid skule. Tre av plakettmottakarar møtte opp på feiringa denne laurdagen: Hans Martin Olsen frå Nærum 4H i Skien og Sondre Wrålsen Evja og Johanna Lundeberg Krossbakken, begge frå Tiuren 4H på Brunkeberg. Dei to som ikkje var til stades var Ola Øystein Bjørnerud frå Stjerneblink 4H i Tessungdalen og Sara Bråten Odden frå Trenissen 4H i Treungen

Fylket var også representert på festen ved fylkestingspolitikar Anne-Nora Oma Dahle (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho var der for å halde festtale og for å vise at fylket verdset barne- og ungdomsorganisasjonar som 4H, fortel leiar av Telemark 4H, Iselin Byggstøyl.

Les også
– Plaketten. Den skal eg ha