4H-familie: Sondre Evja (18) må ha plaketten – ellers vert han den einaste i familien som ikkje har den.

– Plaketten. Den skal eg ha

Sondre Evja (18) er ikkje i tvil om kva som gjer at han framleis er med i 4H. – Plaketten. Den skal eg ha. Begge systrene mine og mamma og pappa har den, så då må eg også.

16 ivrige tiurar stiller ut prosjekt på duklagde bord langs veggane i gymsalen på Brunkeberg skule, og familie og andre interesserte går rundt og kikkar. Ei jente har bakt makronar, ein gut har dressert hund, to andre har bygd og programmert ein robotlegobil.

– Den klarar nesten heile banen, fortel den eine byggmeisteren og set bilen i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesten i mål: Legobilen klarer nesten heile runden, men svingar for krapt på slutten.

Ein 4H-ar startar som aspirant og går gradene: bronsemerke, sylvmerke, gullmerke og til slutt plaketten. For å få 4H-året godkjent må medlemmane kvart år gjennomføre eit prosjekt som skal godkjennast og stillast ut på haustfesten. I heile Telemark er det i år fem som har oppnådd plakettnåla, og to av dei kjem frå Tiuren 4H i Brunkeberg.

– Det er jo litt tiltak, absolutt, og det er ikkje få gonger det har blitt litt stress, innrømmer Sondre, som er ein av plakettmottakarane.

– Men ein blir vant til det. Og det er lærerikt med prosjekta også, særleg det med budsjett og rekneskap.

Ein kan vel seie at utstillinga til Sondre skil seg litegranne ut i mengda.

– Eg måtte ha meg ny bil, og kjøpte ein som var ganske billig og trong ein del mekking, forklarar Sondre, som også er lastebilmekanikar.

– Så den måtte eg få EU-godkjent. Så det er mitt prosjekt – reparasjon før etterkontroll, smiler han.

Kva er 4H?

4H er for barn og unge frå 10 til 26 år, har som føremål å utvikle aktive og samfunnsengasjerte ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Dei fire H-ane representerer kjerneverdiane til organisasjonen: klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

4H er ein verdsomfattande organisasjon med aktivitet i over 80 land. 4H Norge har over 10 000 medlemmer fordelt på om lag 450 klubbar. Det er registrert åtte 4H-klubbar i Vest-Telemark:

Tiuren i Brunkeberg

Måltrosten i Morgedal

Ørn i Seljord

Rust i Åmotsdal

Roan i Fyresdal

Trenissen i Nissedal

Rjupa i Øyfjell

Fivil på Rauland

Eplet og stamma

Tidlegare var det mange fleire jamnaldringar av Sondre med i klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore eit veldig samhald, og særleg turar og slikt har vore bra. Det blir noko anna enn å berre drive med fotball.

Med åra har jamnaldringane falle frå, ein etter ein.

– Eg trur kanskje ikkje eg hadde halde fram eg heller, utan mamma. Det hadde eg nok ikkje gidda, seier han, og glyttar bort på mora, Heidi Sjøvoll, på andre sida av bordet. Hennar mor starta 4H-klubben i Suldal i si tid. Sjølv har Heidi vore 4Har i barndommen og ho har vore med som vaksen i Tiuren sidan 2007, mange av åra som klubbrådgjevar. Også ho framhevar samhaldet og turane som noko av det beste med 4H.

Familietradisjon: Mor til Heidi Sjøvoll (t.h.) starta 4H-klubb i Suldal, og Heidi har vore aktiv i ei årrekkje som klubbrådgjevar i Tiuren 4H på Brunkeberg. Denne hausten får sonen hennar plaketten.

– Det er noko med aldersspennet og korleis alle tek vare på kvarandre. Det kan ikkje samanliknast med ein aktivitet som fotball. Når me har vore på overnattingsturar på Rauland, til dømes, med ski og hytte og alt, det er heilt magisk.

Sjølv om det er vaksne klubbrådgjevarar i 4H, så vert 4H-klubbane ikkje drive av dei vaksne. Det er dei unge sjølve som sit i klubbstyret og tek alle avgjersler.

– Det gjeld å kunne kunsten å setje seg ned og ta det med ro, smiler Heidi.

– Det såg jo heilt kaos ut her i gymsalen i går, men dei har full kontroll.

Utdannar dyktige leiarar

Det var Johanna Lundeberg Krossbakken (17) som skreiv e-post til VTB og inviterte oss på haustfest. Ho er leiar i Tiuren 4H og er den andre plakettmottakaren i klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er moro med prosjekta, der ein kan spesialisere seg og lære meir ut frå eigne interesser, seier ho. På veggen bak henne heng to fine genserar, på bordet ligg eit vottepar.

Nyttig og gøy: Johanna Lundeberg Krossbakken er leiar av Tiuren 4H. Ho har strikka seg klede som 4H-prosjekt.

– Eg hadde lyst på nokre strikkeplagg, så då valte eg det som prosjekt, smiler ho. Andre minneverdige prosjekt har vore jegerprøva, og så ein gapahuk.

– Den bygde eg i lag med ei venninne. Og den står enno.

Men no er tida for utstillingskikking over, og festprogrammet startar. Johanna går fram og tek opp mikrofonen.

– Velkommen til haustfest i Tiuren 4H. Me startar med 4H-løftet. Det kan de sjå på tavla, seier ho. Heile salen reiser seg opp og stemmer i:

– Me lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

Alle tek eit lite hopp på «helse» og landar på stolane att. Så introduserer Johanna bildekavalkade og sketsjar. Ho informerer om matservering og kakebord, og dirigerer kven som skal gå for å forsyne seg fyrst.

Så er det tid for utdeling av merke, og etter at 14 medlemmar har fått sine nåler og står på rekke og rad, vert Johanna sjølv ropt opp. Saman med Sondre får ho plakettnåla, og me får høyre om ansvaret dei har tatt oppgjennom åra, som styremedlem, sekretær, nestleiar og leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidra: Heidi Sjøvoll (t.v.) las opp kva for verv og ansvar dei to plakettmottakarane Sondre Evja og Johanna L. Krossbakken har tatt på seg opp gjennom åra i Tiuren 4H.

Den 18. november vert det ein meir høgtideleg fest for Johanna, Sondre og dei tre andre plakettmottakarane i Telemark. Dei to tiurane får feire på heimebane, for festen vil gå føre seg på Kviteseid skule. Sondre veit ikkje om han kjem til å vere medlem vidare etter plakettfesten, men litt kontakt med klubben vil han ha.

– Eg må vel på haustfest att seinare også.

Ærverdig klubb: Tiuren 4H er blant dei eldste 4H-klubbane i Noreg, med kring 60 års samanhengande drift.
Les også
Frå Colorado til Fjone: – Kulturskilnadene er ikkje så store som me trudde
Les også
Haustfest i Tiuren 4H med regionalpolitisk snert
Les også
Medlemmane i Tiuren 4H viste fram prosjekta sine
Les også
Haustfest hos Tiuren 4H