Henta to klatrarar ned frå Hægefjell

Laurdag ettermiddag fekk naudetatane melding om at to klatrarar hadde sett seg fast i fjellet på Hægefjell i Nissedal kommune. Hovudredningssentralen vart varsla og Seaking vart sendt for å hjelpe klatrarane. Dei to vart henta ned frå fjellet og er i god behald, melder politiet på Twitter.