Helseminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og Camilla Stoltenberg frå Folkehelsinstituttet under pressekonferansen om koronaviruset onsdag kveld. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Helseministeren maner til dugnad for å spare menneskeliv

Helseminister Bent Høie (H) maner til dugnad blant befolkninga og i næringslivet for å spare menneskeliv som følgje av utbrotet av koronaviruset.

– I dag har eg oppmoda alle til å bli med på dugnad. I helsetenesta skal vi no jobbe målretta og kontinuerleg for å hindre smittespreiing og sørge for at alvorleg sjuke får helsehjelp, seier Høie på ein pressekonferanse onsdag kveld.

– Men denne jobben blir ikkje berre gjord i helsesektoren. Alle samfunnssektorar må bidra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han snakka om viktigheita av gode helserutinar som vask av hender og unngå handhelsing og klemming.

– Når vi alle saman gjer dette i fellesskap som ein stor dugnad, bremsar og avgrensar vi smitte som er ufarleg for dei aller fleste av oss, men som er veldig farleg for nokon få. Då er vi alle saman med på ein dugnad som reddar liv, seier Høie.