Heile landet får fine sommardagar framover. I Sør-Noreg blir det temperaturar på mellom 25 og 30 grader i helga, medan det nord i landet kan bli opp mot 25 grader.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Heile landet må førebu seg på herlege, varme sommardagar

– Vi får nesten det vi kan kalle ei varmebølgje. På denne tida er det ikkje vanleg med såpass mange dagar med varmt vêr som vi får no, seier meteorologen.

– Vi har prognosar som viser oppunder 30 grader, og desse prognosane kan vere litt for beskjedne nokre gonger. Det blir mange dagar med veldig varmt vêr framover, seier meteorologen Geir Ottar Fagerlid i Meteorologisk institutt.

Heile Sør-Noreg, inkludert Vestlandet og Trøndelag, kan få temperaturar på 25 til 30 grader denne helga og nokre dagar vidare. Også i Nordland og nordover kan det passere 20 grader allereie dei første dagane, og i helga vil det bli temperaturar opp mot 20 og 25 grader, særleg i indre strøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Syden

Det er nokre byer enkelte stader på Agder og sør på Austlandet som kan øydeleggje det varme heilskapsinntrykket.

– Det er litt uvisse knytt til omfanget på byene, og kor mykje det blir. Men i det store, sør i Noreg og Trøndelag, blir det veldig fint med ein varm vêrtype og veldig gode utsikter, seier Fagerlid.

– Til å vere i Noreg er det veldig fint vêr. Det blir òg varmt om natta, seier han og trøystar alle dei som har lengta etter Syden.

– Det er mange som har abstinensar for å reise til Syden no, men dei vil nok bli tilfredsstilte dei neste dagane.

Nedbør

Også i Nord-Noreg blir det varmt og fint vêr framover.

– Det er ikkje dei same temperaturane som i Sør-Noreg. Men det blir likevel mange dagar med varme. Det er meir uvisse luftmassar nord i landet, og utover i neste veke blir det fare for byer, seier Geir Ottar Fagerlid.

Høgtrykket er ikkje så sterkt som i Sør-Noreg. Men innimellom blir det veldig fine dagar sjølv om det er fleire sjansar for nedbør.

Skogbrannfare

Kontrastane er store. Fleire stader i Nord-Noreg var det natt til onsdag minusgrader som gjennom dagen steig med 20 grader. Samtidig kan varmen i Sør-Noreg føre til at skogbrannfaren aukar i dagane framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Byane er jokeren. Viss dei ikkje kjem, og det blir 25 til 30 i fleire dagar og det tørkar opp, då vil nok skogbrannfaren auke, spesielt austanfjells, seier meteorologen.

(©NPK)