Øverbø: På husmannsplassen Øverbø vart Sondre Norheim fødd 10. juni 1825. Både sommar og vinter er dette eit populært turmål.

Har invitert kronprinsparet til Morgedal

Neste år er det 200 år sidan Sondre Norheim vart fødd på husmannsplassen Øverbø i Morgedal. Nå har kommunen invitert kronprinsparet til jubileumsfeiring.

Kviteseid kommune har sett ned ein jubileumskomite som skal planlegge markeringa av Sondre Norheim sitt 200-årsjubileum i juni 2025. På vegner av Kviteseid kommune og jubileumskomiteen har ordførar Tarjei Draugedal nå invitert kronprinsparet til jubileumsfeiring.

I invitasjonen skriv ordføraren dette om morgedølen:

Artikkelen held fram under annonsen.

Sondre Norheim vart født på Øverbø i Morgedal 10. juni 1825, og frå denne vesle husmannsplassen la han grunnlaget for utviklinga av skisporten slik me kjenner han i dag. Sondre sin lidenskap for å leike på ski og kunne utfordre seg sjølv i dei brattaste bakkar og ufser var starten på utvikling av skiutstyret og skiteknikken. Med innsvingte ski og hælbinding kunne Sondre løype der ingen andre hadde løypt før, han kunne svinge i lausnoen og lande fjellstøtt med telemarksnedslag etter å ha hoppa fleire meter. Skia vart ikkje berre lenger eit framkomstmiddel men skia vart nå i tillegg eigna til skileik og konkurranse. Sondre vart kjent for sine skikunster og uvyrdslåmir på 1860 -talet. Etter skirenn i Christiania i 1868 vart telemarksski, telemarksving og telemarksnedslag skiuttrykk som spreidde seg utover ei heil skiverd.

Komiteen lovar eit variert program med besøk på Øverbø, omvising på Norsk Skieventyr og kulturelle innslag. Markeringa vil bli i perioden 12. -15. juni.

Det Kongelege hoff svarar at det førebels er for tidleg å seie om kronprinsparet vil ha høve til å vere til stades på jubileet. Dei vil kome tilbake med eit svar seinare.

Dersom dei kongelege takkar ja til invitasjonen er det Statsforvalteren som vil vere ansvarleg for koordinering av det endelege programmet for besøket.

Kongeleg besøk: I 1955 besøkte Kong Olav Sondre Nordheim sin fødestad. Dette biletet som viser kongebesøket heng på veggen i den gamle husmannsstova. I samband med at OL-elden vart tent i Morgedal før OL på Lillehammer var også Prinsesse Märtha Louise på Øverbø i 1993.