Skrivegrep og skriverørsler må jobbast med før barna byrja på skulen, meiner ergoterapeut.Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB / NPK

Handskrifta vår har endra seg

Det finst inga konkret forsking som kan slå fast at dagens norske barn skriv dårlegare enn tidlegare generasjonar, men mange er bekymra for at auka bruk av nettbrett og digitale hjelpemiddel påverkar handskrifta. Og noko har skjedd:

– Barn har fått eit slappare skrivegrep, med mindre muskelstyrke i skuldrer og armar, seier ergoterapeut Grete Borgen til NRK.

NRK har vore i kontakt med fleire ergoterapeutar som har gjort den same observasjonen. Det blir diskutert i fagmiljøet om inaktivitet og mindre fri leik ute kan vere nokre av årsakene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ei klasse på 20 elevar har i snitt to-tre eit svært statisk og lite hensiktsmessig grep, seier Borgen.

Ho meiner skrivegrep og skriverørsler må jobbast med allereie i barnehagen.

– Skrivegrepet blir utvikla frå barna er fire til seks år gamle. Det set seg i ryggmergen i denne alderen. Når dei blir sju-åtte, har toget gått.

Enkel og upersonleg stil

Gunhild Isager og Trond Jacobsen jobbar som skriftgranskarar i Kripos. Gjennom mange år i bransjen har dei sett ei tydeleg utvikling.

– For over 30 år sidan samla vi inn skriftprøver frå 11-åringar. Då såg vi at ungane hadde utvikla ei tydeleg personleg skrift. Det var difor lett å sjå forskjell på elevane, seier Isager til kanalen.

For eit par år sidan gjorde skriftgranskarane ei liknande undersøking med elevar på ungdomsskulen. Då var resultatet noko heilt anna.

– Der var det veldig mykje likt. Det var vanskeleg å skilje mellom elevane, seier Jacobsen. Skriftgranskarane ser ein klar tendens: Vi skriv enklare enn før, og løkkeskrifta høyrer i all hovudsak til dei eldre generasjonane. Mykje tydar også på at vi skriv saktare.

Handskrift viktig for læring

– Vi er midt i eit paradigmeskifte for læring. Samfunnet går i ei tydeleg digital retning. Samtidig er det viktig at vi ikkje gløymer hjernehelsa. Vi må ikkje gå oss vill i dei teknologiske moglegheitene, seier Tomas Myklebust til NRK. Han er psykolog og spesialist i nevropsykologi, og er klar på kva slags reiskap som fungerer best til læring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Læringsutbyttet er vesentleg større når ein skriv for hand i staden for PC og nettbrett. Det er ei etablert sanning som vi ikkje bør oversjå.

(©NPK)

Handskrifta vår er blitt enklare og mindre personleg enn før.Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB / NPK