Søknadane til Anne Lise Greivstad frå Fyresdal frivilligsentral resulterte i 200 000 kroner til sommaraktivitetar for ungdom i Fyresdal.

Gjeve aktivitetstilbod for unge etter søknadskupp, men ikkje så mange melder seg på

Leiar av frivilligsentralen i Fyresdal Anne Lise Greivstad sytte for at aktivitetsleiarane i kommunen får 200 000 kroner ekstra å rutte med til årets sommaraktivitetar. Men trass i gjeve tilbod har det vore vanskeleg å få ungdomen til å melde seg på.

Publisert

Fleire kommunar i Vest-Telemark arrangerer gratis aktivitetar i løpet av sommaren, men med trong kommuneøkonomi er det grenser for kor ambisiøse planane kan vere.  I Fyresdal tok leiar av frivilligsentralen Anne Lise Greivstad fatt på søknadsportalane i forsøk på å toppe fjorårets aktivitetstilbod. Med 80 000 kroner frå Bufdir og 120 000 frå Gjensidige får unge fyresdølar denne sommaren tilbod om gratis tur til Sommarland i Bø, Via Ferrata på Skredefjell og TrollAktiv i Evje.

– Meininga er at ungane skal ha noko større å gle seg til. Det er ikkje alle familiar som har moglegheit til å reise på dyre feriar og aktivitetstilbod, seier Anne Lise Greivstad.

Ein av turane har gått til Via Ferrata på Skredefjell.

Blei hanka inn 

Dei to aktivitetsleiarane er nye for året, og blei hanka inn lokalt. Sindre Greivstad (24) er nett ferdig med bachelor i naturforvalting, og flytta heim til Fyresdal frå Steinkjer i sommar. 

– Eg trur eg kunne hatt det veldig greit i Vest-Telemark, men arbeid har jo litt å seie, svarar han på spørsmål om han tenkjer å bli verande. 

Med seg har han Marte Sollid Tveit (22) frå Seljord. Ho har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar frå vidaregåande på Dalen, men har no hoppa over til optikar-utdanning i Kongsberg. 

Greivstad har vore vikar på Gimle skule i Fyresdal, medan Tveit hadde lærlingtida si i kommunen. Det er ein fordel at dei begge kjenner mange av ungane frå før. At kjemien skulle stemme mellom dei to var heller ikkje noko å uroe seg for, då dei alt er eit kjærastepar. Saman står dei for alt knytt til aktivitetane, med god hjelp frå assistentane Brage Aamlid og Tarjei Momrak. 

Tidlegare i sommar har dei gjennomført fleirdagars tur til Fiskebustøylen, klatra Via Ferrata på Skredefjell og reist ein gjeng til Bø Sommarland. I august blir det tur til TrollAktiv i Evje, med rafting og klatrepark. Det er også arrangert lågterskel aktivitetar i nærområdet. 

Marte Sollid Tveit (22) frå Seljord og Sindre Greivstad (24) frå Fyresdal er tilsett av Fyresdal kommune til å leie aktivitetstilbodet.

Ungdomen er oppteken 

Sjølv om tilbodet fyrst og fremst er tiltenkt unge frå ungdomsskulealder og opp til 18 år, har det vore vanskeleg å fylle opp plassane. 

– Det er det som har vore utfordringa, ja. Det er dumt at folk ikkje er meir på når me fyrst kan vere så sjenerøse, men ein kan ikkje truge folk heller, seier Sindre Greivstad. 

– Det er ikkje så mykje me kan gjere, dei får velje sjølv. Det er friviljug og gratis, og berre å reise heim om ein ikkje likar seg, seier Tveit. 

Medan ungdomsskulen er meir tilbakehalden slenger mellomsteget seg gjerne med. Her på fleirdagars tur til Fiskebustøylen.

For å fylle opp plassane har dei på nokre av aktivitetane opna for mellomsteget, som straks kasta seg på. 

– Der er nok foreldra meir involvert i å melde ungane på også, seier Greivstad. 

Turen til sommarland blei fylt opp med ungdommar. Dei håpar like mange blir med til TrollAktiv i Evje i august.

Ein viktig grunn er nok at mange av dei aktuelle ungdomane er opptekne med sommarjobb eller eigne planer. Tveit trur også dei eldre er litt meir merksame på kva dei andre i gjengen gjer, og er skeptiske til å melde seg på åleine. 

Tveit har tatt ansvar for reklame og informasjon, men det er ikkje lett å nå fram i den store skogen av innhald på sosiale medium. Kanskje er jungeltelegrafen uansett det kraftigaste middelet. 

– Me håpar å danne ein base med foreldre og ungar som snakkar saman og deler vidare. Då blir det lettare neste år, seier Tveit. 

Aktivitetsleiarane har elles blitt positivt overraska over kor lett gjennomføringa har gått føre seg, og blir gjerne med om det skulle bli gjentaking neste år. 

– Eg har berre kost meg. Det har så å seie vore ingen konfliktar, og dei store og små blandar seg fint, seier Tveit. 

Men før den tid gjenstår framleis tur til TrollAktiv i Evju den 8. til 9. august. Det er fleire plassar att, og dei oppmodar ungdomen til å melde seg på i løpet av juli. 

Frivilligsentralane i Vest-Telemark

Tokke frivilligsentral blei etablert i 2018. Leiar er Kari Nordstoga. 

Kviteseid frivilligsentral blei etablert i 2020. Leiarar er Randi Jopperud og Cecilie Austjore-Hosum

Seljord frivilligsentral blei etablert i 2009. Leiar er Rikke Christine Roseng. 

Nissedal frivilligsentral blei etablert i 2018. Leiar er Renate Hassel. 

Fyresdal frivilligsentral blei etablert i 2023. Leiar er Anne Lise Greivstad.

Vinje frivilligsentral blei etablert i 2012. Leiar frå august er Sigrid Hylland.

Berre Fyresdal og Vinje er registrert som kommunale.

Berre to av seks i Vest-Telemark er kommunale 

Anne Lise Greivstad er glad for å jobbe med konkrete tilbod til dei lokale, og meiner ein må sjå seg om etter mogelegheiter når kommuneøkonomien er stram. Tal frå SSB viser blant anna eit sterkare resultat for bankane i fyrste kvartal 2025 samanlikna med 2024. Mange gåvepakker er geografisk avgrensa, og det er ofte stor velvilje for å stø aktivitetar for born og unge.  

– Det er store moglegheiter altså, men det er jobb, seier Greivstad.

I hennar tilfelle er det faktisk ein fulltidsjobb, med hundre prosent stilling delt mellom frivilligsentralen og kommunen. I Fyresdal går det nemleg i kvarandre, då kommunen er éin av to frivilligsentralar i Vest-Telemark som er kommunalt organisert. Greivstad er takksam for å vere tilsett. 

– Eg er heldig som har ein sjef med personalansvar for meg, seier ho. 

Greivstad skryter også av næringsparken i Fyresdal som arbeidsplass. 

– Her har me kommunale og private kontor om kvarandre. Det er viktig å treffe litt ulike folk, og kafeen blir eit treffpunkt til felles lunsj. Det er fint å ha det slik, smiler ho.

Hamaren Sommarkafé er travel med turistar om sommaren, men for dei som arbeider på næringshagen er det eit treffpunkt for lunsj heile året.

 

Powered by Labrador CMS