Informerer: Vinje kommune informerer flyktningane på arabisk, kurdisk, somali og tigrinja..

Gjev informasjon om koronaviruset på fleire språk

For å nå alle flyktningane har Vinje kommune omsett kritisk informasjon om koronaviruset til fire språk.

– Dette var tema på beredskapsmøtet i går. Me må få ut informasjon til alle innbyggjarane. Vinje er ein av to kommunar i Vest-Telemark som framleis tek imot flyktningar. Denne gruppa må også få informasjon som er viktig, seier ordførar Jon Rikard Kleven til VTB.

– Det handlar både om førebygging og om å førebyggje frykt, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Assisterande rådmann Anders Sandvik bad intergreringskoordinatoren ta tak i saka i går. I dag er informasjonen tilgjengeleg.

Førebels er plakaten som viser grunnleggande tips om vanar som førebyggjer smitte omsett til arabisk, kurdisk, somali og tigrinja. Men planen er at all viktig informasjon skal bli omsett.

– Me har også vore i kontakt med alle flyktningane direkte på telefon, seier Sandvik.

Han legg til at dei vil ha eit ringekontor for dei som treng nokon å snakke med, og vil bruke eigne flyktningar eller tolketeneste til dette.