Tungtvasskjellaren på Vemork opnar 18. juni, her fremst på illustrasjonen. Foto: NIA

Gjenopnar tungtvasskjellaren på Vemork – medan ny krig truar Europa

– Det er tankevekkjande å komme til det punktet der vi kan gjenopne ein så sentral del av vår eiga krigshistorie samtidig som ein ny krig truar Europa, seier direktør ved Norsk Industriarbeidermuseum, Anna Hereid.

Natt til 28. februar 1943 vart sabotasjeaksjonen «Gunnerside» gjennomført, og bidrog til at tyskarane effektivt vart hindra i å utvikle ei mogleg atombombe. På dagen 79 år seinare kunngjer Norsk Industriarbeidermuseum gjenopninga av tungtvasskjellaren.

Tungtvasskjellaren på Vemork er ifølgje museet eit kulturminne av stor nasjonal og internasjonal betydning. Når kjellaren igjen blir opna, vil historia bli fortald nøyaktig der den kjende sabotasjeaksjonen fann stad. Som åstad for kanskje den viktigaste hendinga i norsk krigshistorie blir tungtvasskjellaren eit sentralt reisemål for historieundervisning og eit varig tidsvitne etter krigen, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kampen om tungtvatnet er ei av dei avgjerande historiene frå andre verdskrigen. Når tungtvasskjellaren opnar for publikum 18. juni 2022 kan vi gå inn i dei same romma som sabotørane gjorde då dei utførte aksjonen natt til 28. februar 1943. Samtidig som vi gjennom opninga av dette krigsminnet blir påminnet om vår eiga fortid, går tankane våre i dag til det ukrainske folket, seier Anna Hereid, direktør ved Norsk Industriarbeidermuseum.

Kjellaren er i dag freda som kulturminne. Rjukan – Notodden industriarv vart skriven inn på Unescos verdsarvliste 5. juli 2015.

(©NPK)

– Samtidig som vi gjennom opninga av dette krigsminnet blir minna om vår eiga fortid, går tankane våre i dag til det ukrainske folket, seier Anna Hereid, direktør ved Norsk Industriarbeidermuseum. Foto: NIA