Sankthans utan bål: For mange er det tradisjon å fyre bål på sankthans. I år må folk markere utan bål.

Fyringsforbod i heile Vest-Telemark

Fredag innførte brannsjefen i Vest-Telemark fyringsforbod i heile regionen.

Det betyr at det er forbode å gjere opp eld som å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kol, brikettar, gras, greiner o.l.) i skog og anna utmark, samt innmark med unntak av grilling i eigen hage, på parkeringsplassar, skulegardar og idrettsplassar som ikkje er i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Forbodet gjeld også sankthansbål og tilrettelagde bål- og grillplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser brannsjef Torbjørn Lia på kommunane sine heimesider.

Forbodet gjeld frå og med fredag 16. juni, og gjeld i Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje kommunar.

Forbodet gjeld inntil vidare, men ikkje lenger enn til 31. juli.

Lyn: Fredag ettermiddag 16. juni var det mykje torevêr vest for Nisser i Treungen.