Leiar: Johannes Rindal er i gang i jobben som leiar av fylkessenteret i Seljord.

Fylkessenterleiaren er på plass

Leiaren for fylkessenteret i Seljord, Johannes Rindal, har merka at mange har forventningar til fylkessenteret.

– Eg opplever at mange har høge forventningar for kva fylkessenteret kan bli, og ambisjonane er høge, seier Rindal i ei pressemelding frå Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Han har vore i stillinga i tre veker, og er så langt fornøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore mykje å setje seg inn i og få oversikt over. Fylkeskommunen er ein stor organisasjon, og fylkessenteret og rolla mi her er noko nytt, poengterer han.

Rindal trur fylkessenteret set fylkeskommunen i betre stand til å løyse oppgåvene.

– Det gjeld å vere tett på kva som skjer i heile fylket, og fange opp aktuelle saker og initiativ. Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklingsaktør, og då må me vere til stades i heile fylket og ha tett kontakt med kommunar, næringsliv og organisasjonar, seier han.

– Det blir spesielt viktig etter at nye Telemark er eit faktum frå 2024.

Fylkessenterleiaren rosar dei tilsette som er plass og jobben dei gjer.

– Det er utruleg mange flinke folk som kvar dag, på ulike felt, gjer fylket betre å bu i, skryt Rindal.

15 personar har nå arbeidsplass på senteret i Seljord. Fylkestinget sitt vedtak er at det skal vere minst 20 årsverk her i løpet av 2023. No ser Rindal og dei tilsette fram til å flytte inn i nyoppussa lokale.

– Me sit i dei eldre lokala som ikkje er bygd for å vere kontor. Det går bra, men vi gler oss til at innflyttinga nærmar seg. Vi tek sikte på å flytte inn i januar, og så blir det offisiell opning i februar, avsluttar Rindal.

Artikkelen held fram under annonsen.