Tre av Noregs mektigaste kvinner – statsminister Erna Solberg (H), stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) og høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie – er samla til felles fotografering i det ærverdige Eidsvollsgalleriet på Stortinget. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Fryktar at trakassering skremmer kvinner bort frå politikken

Seksuell trakassering, mobbing og personangrep kan føre til at færre kvinner engasjerer seg politisk, fryktar statsministeren og stortingspresidenten.

Tre av Noregs mektigaste kvinner – høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie, statsminister Erna Solberg (H) og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) – er samla til felles fotografering i det ærverdige Eidsvollsgalleriet på Stortinget.

– Internasjonale undersøkingar har vist at seksuell trakassering dessverre er eit problem i mange parlament, og at kvinner opplever meir trakassering enn menn, seier Trøen til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Seksuell trakassering gjer at terskelen for å delta i politikken blir høgare og er derfor ein trussel mot demokratiet. Det er viktig å ta dette på alvor lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier ho.

Dei siste åra har kvinnedagen 8. mars vore dominerte av metoo og problem knytt til seksuell trakassering.

Éin av ti

Stortingets eiga kartlegging viste før jul at 11 prosent av representantane og dei partitilsette i nasjonalforsamlinga har opplevd mobbing eller trakassering det siste året.

Kartlegginga viste at det er ei klar overvekt av kvinner blant dei som seier dei har opplevd mobbing, trakassering eller uønskt seksuell merksemd det siste året.

– Ho viser at dette òg finst på Stortinget. Dette må vi til livs, seier Trøen.

Også statsministeren fryktar trakassering og metoo-saker kan føre til at færre kvinner engasjerer seg i politikk.

– Det kan vere ein ny barriere for kvinner, òg fordi kvinner tar seg meir nær av dette. Det har noko med det sosiale samhøyret å gjere – jenter liker å bli likte, det er ein del av måten vi blir opplærte på, seier Solberg til NTB.

«Ulovleg maktutøving»

Solberg meiner kvinner blir ramma på ein annan måte enn menn, fordi trakasseringa blir personifisert, seksualisert og fokusert på utsjånad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein må lære seg å bli tjukkhuda og ikkje så opptatt av kva andre seier. Nokon seier vondskapsfulle ting for å såre, medan andre kritiserer i beste meining. Så gjeld det å lytte til det som er rett å lytte til, seier ho.

Metoo skaka dei politiske partia i Noreg, også Solbergs eige parti Høgre.

– Metoo er medverkande til at ein del jenter opplever at miljø blir lukka og stengde viss du ikkje vil vere med på «gøyen». Slik kultur må alle jobbe med. Det er ei maktutøving som er heilt urimeleg, skadeleg og faktisk ulovleg i mange tilfelle. Ein må òg tenkje på korleis vi klarer å skape det inkluderande, sosiale livet som gjer at du ikkje må vere mykje på fest og drikke mykje for å vere med.

Likestilt i politikken

Trøen viser til at ein i politikken har kome langt med likestillinga. Dagens Storting er med 41 prosent kvinner det mest likestilte nokosinne, og 35 prosent av dagens ordførarar er kvinner. I tillegg følgjer dei politiske partia 40/60-prinsippet for kjønnsfordeling.

– Men vi må jobbe kontinuerleg for å sikre at kvinner både går inn i, tar del i og er i politikken. Vi veit at det er nokre utfordringar knytte til det, seier stortingspresidenten.

Ho trur eit trakasserande ordskifte kan gjere at både menn og kvinner vel seg bort frå politikk.

– Eg trur òg det å gjere politikk til ein trygg arena utan mobbing, trakassering og hets er heilt avgjerande for at også kvinner går inn i politikk og tar det ansvaret det er å vere folkevald, anten lokalt eller på Stortinget.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsminister Erna Solberg, stortingspresident Tone W. Trøen og høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie blir fotograferte av stortingsfotograf Peter Mydske i Eidsvollsgalleriet på Stortinget i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK