Godt nytt: Plasstillitsvalt ved Tokke skule Marte Heggtveit (t.v.) og hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet Ingrid Vadder, ønsker seg ny skule. Tidlegare i haust etterlyste dei fortgang i prosessen.

Framskundar investeringa på skulen med eitt år. – Gledeleg nytt for elevar og tilsette

Dei tilsette ved Tokke skule har etterlyst fortgang i planarbeidet for bygging av ny skule. Nå framskundar politikarane investeringa på til saman ein million kroner med eitt år.

Det er førebels ikkje bestemt kva kommunen skal gjere med Tokke skule, men at noko må gjerast er sikkert. Alternativa er rehabilitering av dagens bygg eller å bygge ny skule. Kommunedirektøren foreslo å bruke 500 000 i 2023 og 500 000 i 2024 på ei utgreiing om å bygge ny skule i Tokke.

I administrasjonsutvalet tidlegare i november føreslo dei to hovudtillitsvalde at kommunen set av heile denne potten til neste år. Dei vil ha fortgang i prosessen. Det same foreslo Hilde Alice Vågslid (Ap) i formannskapet, men ho fekk ikkje fleirtal, og dermed fall forslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

I førre vekes kommunestyre snudde politikarane og bestemte seg for å framskunde investeringa, slik at det blir sett av ein million neste år. Vedtaket var samrøystes.

At investeringa blir framskunda gler hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet i Tokke, Ingrid Vadder.

– Dette er gledeleg nytt for elevar og tilsette ved Tokke skule. Me er kjempefornøgd med at prosessen er framskunda, seier Vadder.

– Det er viktig å følge saka vidare. Nå er me spente på korleis dei ulike politiske partia vil prioritere skulen, der fleirtalet av barn og ungdom i kommunen er elevar, legg ho til.

Meiner kommunen kan leige eksterne konsulentar

– Tokke Arbeidarparti trur det er lurt å bygge ny skule. Me har lært frå bygginga av barnehagen på Dalen og mange års utgreiingar at det lønte seg å bygge ny. Då har me også moglegheita til å bygge med energivenlege løysingar – investeringa er jo ein ting, men det er viktig at ikkje driftsutgiftene blir for høge, sa Kjell Magne Grave (Ap), då han foreslo å framskunde investeringa.

– Me kan eventuelt leige inn konsulentar også for å få arbeidet gjort, la han til.

Eitt av argumenta for at arbeidet med Tokke skule må vente, er at kommunen har mange store prosjekt på gang som bygging av nye omsorgsbustadar, oppussing av bad på helsesenteret, og nytt vatn- og avløp på Hallbjønnsekken.

– Me har ikkje kapasitet til å følgje opp så mange prosjekt på same tid, har kommunedirektør, Finn Arne Askje, tidlegare uttalt.