Formannskapsmøte i Seljord: Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp), rådmann Finn-Arild Bystrøm, Ingvild Haugerud Øverland (Ap), Peter Fjågesund (MDG) (med ryggen til), Marita Byggstøyl Dyrland (Sp), Sondre Aasan (Sp).

Formannskapet handsama 90 politiske saker i fjor

I 2019 vart det halde 53 politiske utvalsmøte i Seljord kommune, og utvala gjorde totalt 343 politiske vedtak.

Kommunestyret hadde 10 møte, formannskapet 10, plan, miljø og teknisk utval 6, administrasjonsutvalet 6, eldrerådet 5, råd for menneske med nedsett funksjonsevne 5, kontrollutvalet 6, ungdomsrådet 3, samfunnsutvalet 1 og velferdsutvalet 1 kan ein lese i årsmeldinga til Seljord kommune for 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen viser også til kor mange politiske vedtak som er gjort i dei ulike utvala. Kommunestyret 109 vedtak i 2019 (84 vedtak i 2018), formannskap/økonomiutval 90 (86), plan, miljø og teknisk utval 49 (53), administrasjonsutvalet 31 (32), eldrerådet 8 (7), rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 9 (8), kontrollutvalet 33 (26), samfunnsutvalet 10 og velferdsutvalet 4.