Engasjert: Trude Flatland bur i Øyfjell og driv med ammekyr, og har fleire års erfaring som tillitsvalt i Bondelaget. Ho er nå nestleiar i Telemark Bondelag og er foreslått som ny leiar etter Aslak Snarteland.

Foreslår Trude som ny leiar. – Eg er stolt og spent

På nyåret vart det kjent at Aslak Snarteland ikkje stiller til attval som leiar i Telemark Bondelag. Nå har valnemnda foreslått Trude Flatland som ny leiar, og Mikkel Aanderaa som ny nestleiar.

– Eg synest det er stort å bli innstilt som leiar. Eg er stolt og spent, skriv Flatland til VTB.

Flatland kjem frå Rauland, men bur i Øyfjell og har drive med ammekyr i fleire år. Ho har også fleire års erfaring som tillitsvalt i Telemark Bondelag og er nå nestleiar i organisasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valnemnda meiner Flatland vil vere ein samlande leiar for bøndene i Telemark. Ho har fleire års erfaring som tillitsvalt i Bondelaget, og har eit stort nettverk både i og utanfor landbruket. Flatland har eit brennande engasjement for norsk matproduksjon og for rammevilkåra til bonden, meiner valnemnda.

– Kva meiner du er viktige saker nå for Bondelaget?

– Den aller viktigaste saka for Bondelaget i tida framover er å auke bondens inntekt. Å vera bonde er ein viktig jobb og det må bli lønsamt å produsere mat – det kan ikkje skje på dugnad lenger. Ei inntekt å leve av og ein sunn økonomi for bonden er avgjerande for å ha ein norsk matproduksjon. Økonomi og bondehelse heng tett saman. Skal me ta vare på bonden og dyra må bonden ha ein trygg økonomi, svarar Flatland.

– Kva engasjerer deg særleg?

– Å få til betre økonomiske vilkår for bonden, og ei verdsetting av bonden, både økonomisk og i samfunnet, seier Flatland.

– Å verdsette den delen av landbruket me har mest av her i denne delen av fylket – beitedyra, beitebruk, utmarksbeite, og betre bruken av beite og grovforressursar. Og at kvart gardsbruk rundt om kan ha den produksjonen som passar best til dei ressursane som er på garden eller i nærområdet og bruke det på best mogleg måte, legg ho til.

Mikkel Aanderaa kjem frå Flatdal, men er fruktbonde i Midt-Telemark, og er foreslått som ny nestleiar. Vala blir gjort på årsmøte 18. mars.