På loppemarked:
For Markus var det lett å finne leiker og bøker han ville selje. Og planen for inntekta er klar
Sundag var det loppemarked i Kviteseidbyen. Leiker og klede, krims og krams og mange gode kupp kunne freista i vårsola.
Dei siste åra har Frivilligsentralen arrangert loppemarked i Kviteseidbyen på våren. Sundag var det igjen tid for å rydde i kjellar og buer, og finne seg ein plass i bryggeparken.
Systrene Alma og Isabella Pollestad har tatt turen saman med mamma Kathrine. Dei sel klede, tøflar, bøker og leiker. Mellom anna.
– Me har selt ein ting til nå. Det var ei hårbøyle med pynt på, seier Alma.
Ho fortel at det slett ikkje var vanskeleg å finne noko ho hadde lyst til å selje, men for veslesyster Isabella var det ikkje like enkelt. Likevel har dei laga seg ein fin stand, med mykje forskjellig til sal.
Og Alma har ordna seg ei god avtale med mamma.
– Mamma seier at eg skal få pengane som me tener, fortel ho.
Markus Meinstad Veting har også laga seg ein fin stand. Det var ikkje vanskeleg å finne noko heime som han ville selje, og så langt har han selt både bøker og småfigurar.
– Eg var litt lei av det, seier han.
Men kva skal bruke pengane han tener på?
– Lego, svarar han kjapt med eit lurt smil.
– Trur eg kjem neste år også
Benita Bech frå Seljord besøker loppemarknaden for fyrste gong. Ho er førebels fornøgd med salet.
– Eg har selt tre ting, og nesten ein fjerde, smiler ho.
– Og så er det masse blide folk og det er koseleg å stå her. Det er fyrste gong eg er her, så eg tenkte eg fekk hoppe i det. Eg trur eg kjem neste år også. Det er triveleg å kome ut å møte folk på ein sundag, legg ho til.