For kvar sjukeheimspasient i Vest-Telemark får fire personar heimesjukepleie

Sjukeheimane i vestfylket er stuv fulle. Resten av pasientane som ikkje er i stand til å ta ansvar for eiga helse må heimesjukepleia ta seg av. Dette gjeld fire gonger gonger så mange menneske som det er sjukeheimsplassar til.

– Heimesjukepleia gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for ein sjukeheimsplass, står det å lesa på heimesidene til kommunane. Totalt finst det 155 sjukeheimsplassar i dei seks Vest-Telemark-kommunane, medan 608 pasientar får heimesjukepleie, viser tal som Vest-Telemark blad har henta inn.

Les også
Smekk fullt på sjukeheimane i Vest-Telemark
Helsehjelp på hjul: Dei kvite el-bilane, firehjulsdrivne Tesla-ar, blei tekne i bruk rett før sommaren. Heimetenestene i Øvre Vinje, Rauland og Åmot har tre slike kvar.

I motsetnad til sjukeheimar, som berre kan ta hand om eit visst tal pasientar, er det inga grense for kor mange heimesjukepleia må ta seg av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen har ikkje institusjonsplassar til alle som treng det. Viss ein ikkje kan få ein som er alvorleg sjuk innlagt på sjukeheim eller liknande, må me yte dei tenestene som trengst. Og heimetenesta blir aldri full, påpeikar Mona Haugen, avdelingsleiar på koordinering og tildeling av helse- og omsorgstenester i Vinje.

Aldri fullt: – I heimetenestene blir det aldri fullt, kommunen må alltid yte dei helse- og omsorgstenestene som trengst, påpeikar Mona Haugen på tenestekontoret i Vinje.

Kor ofte dei 168 heimesjukepleie-pasientane i Vinje får besøk, varierer frå dei som berre blir vitja annankvar veke til pasientar som får fire besøk dagleg og tre på nattestid – altså sju besøk i døgnet. Heimetenestene i Vinje er dela i tre soner; Øvre Vinje, Rauland og Åmot. Haugen fortel at berre Åmot har hatt nattevakt hittil, men at ei slik teneste startar opp både i Haukeli/Edland og på Rauland no i haust.

Mottakarar av heimesjukepleie og heimehjelp medio august 2023

Vinje 168 – 79

Seljord 112 – 75

Kviteseid 112 – 66

Tokke 95 – 64

Nissedal 57 – 45

Fyresdal 64 – 45

Heimetenester

I Lov om kommunale helse- og omsorgstenester heiter det at kommunen skal sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen blir tilbydd naudsynte helse- og omsorgstenestester, dei tenestene som ikkje høyrer inn under stat eller fylkeskommune. Kommunane har ansvar for alle pasient- og brukargrupper, herunder personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.

Heimetenester er eit samleomgrep for dei to ulike kommunale tenestene heimesjukepleie og heimehjelp. Vest-Telemark blad har ikkje lykkast med å finne nasjonale retningsliner for kva heimesjukepleie og heimehjelp skal omfatte, så me har valt å referere frå nokre av kommunane i Vest-Telemark sine heimesider.

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei gratis kommunal teneste som er forklart litt ulikt av dei einskilde kommunane. Av heimesida til Nissedal kommune går det fram at Nissedal omsorgssenter (NOS) gjev heimesjukepleie i heimen til personar som ikkje lenger er i stand til å ta omsorg for eiga helse.

– Mange av brukarane er faste over fleire år, medan andre nyttar tenesta i ein kort periode. I denne tenesta må me ofte setje i gang hjelp på kort varsel. Heimesjukepleia har tilbod om aktiv teneste heile døgnet, står det å lesa.

På førespurnad opplyser einingsleiar for velferd i Nissedal kommune, Hannelore Skeimo, at 57 personar i Nissedal mottek heimesjukepleie medan 45 får praktisk bistand, altså heimehjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimesjukepleia gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim, og tenesta kan til dømes omfatte sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering, går det vidare fram av heimesida til Nissedal kommune. På heimesida til Vinje kommune er også opptrening og helserettleiing lista opp som arbeidsoppgåver i heimesjukepleia.

Omsorgsetaten i Tokke kommune informerer om at dei skal gje hjelp til dei som ikkje kan ta omsorg for seg sjølve, som er avhengige av praktisk hjelp eller personleg hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål. Vidare blir det spesifisert at brukaren kan få hjelp med personleg hygiene og til å koma seg opp om morgonen og til å leggje seg om kvelden, tilsyn, bading og dusjing, dosering og utdeling av medisin, sårskift og andre faglege prosedyrar. Heimesjukepleia skal også vurdere, kartleggje og fylgje opp medisinsk behandling av pasientar, og leggje til rette for, og tilpasse hjelpemiddel. I Tokke er det no 95 personar som får besøk av heimesjukepleia, medan 64 er brukarar av heimehjelpstenester. Dét opplyser avdelingsleiar i heimetenesta, Silje Andrea Kyrkjebø.

Les også
Hadde besøk av heimesjukepleia morgon og kveld i 5–6 år
Køyrer Volkswagen: Heimetenesta i Kviteseid disponerer i alt sju bilar; fem dieseldrivne, firehjulstrekte Volkswagen Caddy og to el-bilar VW ID.3, som er bakhjulstrekte.

Heimehjelp

Heimehjelp gjeld praktisk hjelp til reingjering og handling, skriv Nissedal kommune på heimesida si. Det kan vera hjelp til å tinge hushaldsvarer, eventuelt få desse levert på døra, å få levert anten varm eller kald middag til oppvarming, og hjelp til vask av klede, oppvask, husvask og vask av vindauge. Tokke kommune presiserer at heimehjelpa berre gjeld alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk.

I motsetnad til heimesjukepleie er ikkje heimehjelp gratis. Kva brukarane av tenesta må ut med varierer frå kommune til kommune. Der samla husstandsinntekt er under 2 G, 239 240 kroner, er betalinga 215 eller 220 kroner i månaden, noko som er minstesats. 1 G, altså grunnbeløpet i folketrygda, er per 1. mai i år 118 620 kroner. Elles er prissettinga ulik frå kommune til kommune. Seljord er kommunen i Vest-Telemark med høgast sats. Der betalar husstandar som tener over 3,5 G 3 339 kroner i månaden. Deretter fylgjer Kviteseid med ein maksimumssats på 2 900 kroner, Tokke 2 369, Vinje 2 130, Nissedal 2 060 og Fyresdal 1 710 kroner. Maksimumssatsen har noko ulike innslagspunkt frå kommune til kommune, men det kan nemnast at det i den rimelegaste kommunen, Fyresdal, krevst ei samla husstandsinntekt på meir enn 593 100 kroner før heimehjelpa kostar 1 710 kroner i månaden.

– Må tyne på det me har

I Kviteseid kommune får i alt 112 heimebuande heimesjukepleie. Om utviklinga innan feltet seier fagutviklingssjukepleiar ved tenestekontoret i kommunen, Kristin Stray Jacobsen, at medan pasientar blir tidlegare og tidlegare skrivne ut frå sjukehus, blir det mindre og mindre pengar til å nytte i den kommunale tenesta.

– Me ber om krav til bemanning frå statleg hald, men det får me ikkje. Så då må me tyne på det me har, seier Stray Jacobsen, som legg til at dei som arbeider i heimesjukepleia er flinke til å tilpasse seg.

Kjelder: lovdata.no, heimesidene til dei seks kommunane, samt informasjon frå leiarane i heimetenestene.