Fokusert: Knut Gunnarsli var til stades då PMU handsama konsesjonssøknaden hans, og følgde nøye med på det som vart sagt i det timelange ordskiftet.
Åshild Emma Solbjør
Fleirtalet seier nei til å gje Knut konsesjon. – Aldersdiskriminering og usakleg forskjellshandsaming, meiner mindretalet
– Her var det mykje rart og feil, sa Knut Gunnarsli på veg ut av plan- og miljøutvalsmøtet i Vinje onsdag. Han og kona har kjøpt den veglause landbrukseigedomen Vest-Førnes og Galar på Møsstrond, men eit fleirtal i PMU vil ikkje gje ekteparet konsesjon.
Saka vart diskutert i nesten ein time før utvalet gjekk til avstemming, og mykje av ordskiftet handla om ekteparet Gunnarsli er dei rette personane til å drive denne eigedomen, med tanke på utviklinga i det veglause bygdesamfunnet på Møsstrond. Rådmannen si innstilling til saka var å seie nei til konsesjon og pålegge ekteparet å selje garden.
– Dette er eit spørsmål om me skal byte litt politikk med tanke på vurderingane i desse konsesjonssakene. Både administrativt og elles i samfunnet, som ein til dømes kan sjå i ymse lesarinnlegg, er ein urolege for busetting, og særleg i dei veglause delane av Møsstrond, forklarte rådmann Jan Myrekrok i PMU-møtet.
– Juss er ikkje svart/kvitt, og i denne saka er det omsyn som talar både for og mot å gje konsesjon. I mi vurdering har eg forsterka dei sidene som gjer at ein kan endre kurs, og eg har utfordra kommunen sine advokatar på korleis ein kan ta styring over utviklinga på Møsstrond, utdjupa Myrekrok.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP