Fleire slit med økonomien i fylket vårt
24 500 telemarkingar har delt korleis dei har det, og særleg ei gruppe verkar meir sårbare enn før.
Hausten 2025 svara 24 500 telemarkingar over 18 år på spørsmål om livskvalitet, søvn, psykiske plager, helsevanar, tilgang til tilbod i nærmiljøet og mykje meir i Folkehelseundersøkinga. Nå har Telemark fylkeskommune presentert dei fyrste resultata.
– Det viktigaste funnet er at det er godt å bu og leve i Telemark. Dei aller fleste rapporterer om høg trivsel og tilhøyrsle og god livskvalitet, seier fylkesordførar Sven-Tore Løkslid i eit presseskriv.
Særleg når det gjeld ulike mål på livskvalitet, svarer telemarkingane meir positivt eller likt i 2025 samanlikna med 2021, som var førre gong Telemark gjennomførte undersøkinga.
Slit økonomisk
Samtidig aukar delen som har økonomiske vanskar. Medan 19 prosent svara at det var vanskeleg å få pengane til å strekkje til i det daglege i 2021, svarer heile 25 prosent dette i 2025.
-
I Midt-Telemark svarer 27 prosent at dei har økonomiske vanskar, ein auke frå 22 prosent i 2021. I Nome er prosentdelen lik, men her var det 20 prosent som svara at dei hadde økonomiske vanskar i 2021.
-
Blant kommunane i Vest-Telemark er delen med økonomiske vanskar høgast i Seljord, med 26 prosent, etterfølgt av Nissedal (24 prosent), Kviteseid (23 prosent) og Tokke (22 prosent). Vinje og Fyresdal har lågast del, med 21 prosent som opplever at det er vanskeleg å få pengane til å strekkje til i det daglege.
-
På toppen av lista ligg Notodden og Hjartdal, der høvesvis 30 prosent og 29 prosent svarar at dei har økonomiske vanskar. Det er ein auke frå 20 prosent i Notodden og 25 prosent i Hjartdal i 2021.
– Kvardagen har blitt tøffare for ein del telemarkingar. Dette er viktig kunnskap å ta med seg når kommunane og andre aktørar skal utvikle tilbod og tiltak vidare, seier Løkslid.
Delen med økonomiske vanskar er høgast i dei yngste aldersgruppene. Blant dei under 50 år svarar omtrent 4 av 10 at det er vanskeleg å få pengane til å strekkje til i det daglege.
Vaksen, men sårbar
Unge vaksne verkar generelt som ei meir sårbar gruppe. Dei rapporterer oftare om psykiske plager, negative kjensler, einsemd og opplever lågare trivsel og tryggleik i nærmiljøet enn eldre aldersgrupper.
På nokre område svarar unge vaksne, særleg i alderen 30–50 år, meir negativt i 2025 enn dei gjorde i 2021. Dette gjeld til dømes tilgang på sosial støtte, opplevd einsemd og kor ofte dei er saman med vener.
– Dette er ei urovekkjande utvikling. Legg samfunnet godt nok til rette for å ta vare på unge vaksne slik at det er mogleg for dei å meistre kvardagen? Kanskje denne gruppa, som òg inneheld mange småbarnsforeldre, hadde det rolegare og hovudet meir over vatnet i pandemien, seier Løkslid.
Mindre røyk og alkohol
Levevanar påverkar helsa gjennom heile livet. Frå 2021 til 2025 ser me ein nedgang i både dagleg røyking og alkoholbruk i fylket. For kosthald peikar pilene andre vegen – ein større del drikk regelmessig sukkerhaldig drikke, og inntaket av frukt, bær, grønsaker og fisk går ned.
Det er likevel store sosiale forskjellar i levevanar og helse. Personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå har langt større helseutfordringar og dårlegare helsevanar enn personar med høgare utdanning. Det er eit gjennomgåande trekk i undersøkinga.
På nokre område har dei sosiale forskjellane i helse og helsevanar auka frå 2021 til 2025, til dømes når det gjeld einsemd. På andre område har dei vorte mindre, kan ein lese i presseskrivet frå fylkeskommunen.
For fleire resultat, sjå undersøkinga her.