Flatlands Legat spanderer strøying i Grungedal

Knut Gudmund Tveiten er hyra inn av Flatlands Legat til å strø tun og gardsvegar i heimbygda.

Flatlands Legat i Grungedal nyttar stadig pengar til bygdas beste i Grungedal. Nytt av året er at alle innbyggjarane i grenda har fått tilbod om å få strøying heilt til døra.

– 25 husstandar har takka ja til å betale 550 kroner for dette tilbodet, der Flatland legat betalar for resten, seier kasserar Sondre Hustveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdraget gjekk til Knut Gudmund Tveiten (24) som har vakse opp i bygda, og som driv for seg sjølv som entreprenør.

Ung entreprenør strør for Flatlands Legat: Knut Gudmund Tveiten driv som entreprenør i heimbygda Grungedal og har 60 vinterfora sauer.

– Eg har fått gode tilbakemeldingar til no, og eg trur dette er eit tilbod folk i bygda set pris på. Vintervedlikehald er ein bransje som er utsett for kritikk, men til no har det gått bra, seier Tveiten med eit smil.

Han har hatt firma sidan 2015, men det var på våren 2018 han sa opp jobben i Hovden Hytteservice og starta for seg sjølv.

Lever gutedraumen

Entreprenøren brøytar og strør om vinteren for fleire oppdragsgjevarar, mellom anna kommunen og Statkraft. Om sommaren sit han i gravemaskinen og grev tomter og anna på bestilling. Han leiger seg også inn til sin tidlegare arbeidsgjevar Hovden Hytteservice.

– Eg er nøgd med å ha arbeid til meg sjølv, og kjenner meg lukkeleg som liten. Eg har alltid hatt ein draum om å drive på eiga hand, og styre kvardagen min sjølv. Det var fint å vere tilsett, men ein får ein heilt anna driv av å drive for seg sjølv, seier Tveiten.

Han måtte alt som 20-åring ta over garden heime, då faren gjekk bort. Det neste målet for framtida er kanskje å bli bonde på heiltid.

– No har eg 60 vinterfôra sauer og likar gardsarbeidet godt. Eg har liksom ingen andre hobbyar enn sauer og maskinar, seier han.

Han starta tidleg i maskinyrket, og hadde læretida hjå onkelen, Svein Tveiten. Som 16-åring måtte han bli køyrd til arbeid sidan han enno berre hadde traktorlappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kyter også av det kollegiale miljøet blant dei sjølvstendige entreprenørane.

– Det er mange flinke entreprenørar eg fint kan anbefale, legg han til.

Ung entreprenør: Knut Gudmund Tveiten (24) driv sitt eige entreprenørfirma der han strør og brøytar på vinteren, og sit i gravemaskinen om sommaren. I tillegg har han 60 vinterfora sauer.

Sondre Hustveit er glad for at ordninga med fast strøing er på plass i Grungedal.

– Det kom eit ynske frå grendelaget om ei slik ordning, og då sende me ut lapp til alle postkassene om kven som var interessert i å vere med. Av om lag 40 husstandar var det 25 som melde seg på. Det er ikkje alle som bur slik til at det er naudsynt og at dei har behov for det, seier Hustveit.

Han fortel at Legatet har fleire tilbod på gang for tida. Mellom anna deler dei ut blomar til dei eldre i bygda før jol. Og at dei nettopp har kjøpt ei leilegheit på Fristadsenteret i Åmot som grungedølar har fyrsteretten på å leige.

– Men det kan hende ein må opne opp for folk frå resten av kommunen om det ikkje kjem førespurnader frå bygdefolk, seier han.

Legatet arrangerer også turar og bygdekveldar på grendehuset, i tillegg til at dei eig tre omsorgsbustader i tilknyting til Norheimstunet.

Les også
300 000 til fellesstoga på Norheimstunet

– Legatet har også løyvd 50 000 kroner til nytt elektronisk orgel i Grunge kyrkje. Me er oppteken av å få til noko som kjem til gode for dei mange, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Henny og Olav Flatlands Legat

Henny og Olav Flatlands legat vart i si tid etablert av den utflytta handelsmannen Olav Flatland og kona hans.

Flatland var ein handelsmann frå Grungedal som slo seg opp på Jar i Bærum. Han og kona hadde ikkje barn, og sette pengane i eit legat som bygde eldresenter på Jar.

Legatet mottok fem millionar kroner i starten av 2000-talet til å bygge bustader for eldre i Grungedal.