På Rauland: Wenche Kleiv.

Fire i Rauland om hytteforbodet

20. april vart hytteforbodet oppheva. Kva meiner bygdefolket i Rauland om hytteforbodet og at hyttefolket nå kan kome til bygda igjen? Me har møtt fire av dei.

Wenche Kleiv

Jobbar på Esso i Rauland, og bur i Åmot

– Eg synest me har rødd det i hel. Heile verda har viruset, men i Noreg diskuterer me hytteforbodet. Har ein ikkje helsa, kan ein ikkje bruke hytta heller. Men det er litt stussleg her nå. Det skal vere mykje folk på Rauland, men nå ligg det liksom eit lok over heile bygda, og eit alvor bak. Det er ingen her som ikkje vil ha hyttefolka hit, dei er veldig velkomne nå, men det er betre å vere føre var. Hyttefolka har også fått mykje god hjelp med måking av tak og tilsyn, og eg synest kommunen har gjort ein god jobb.

Frå Rauland: Gunnar Omtveit.

Gunnar Omtveit

Frå Rauland

– Nå synest eg det er ok at hyttefolket kjem, men eg støttar også ordføraren 100 prosent. Fram til regjeringa tok ei avgjerd synest eg det var heilt unødvendig å sleppe dei inn. Eg synest det er bra at me har ein ordførar som tør å stå opp mot røkla. Men nå er det greitt at hyttefolket kjem tilbake så lenge dei held seg til reglane. Ei veke til eller frå har ikkje noko å seie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Rauland: Sigrid Fonnlid.

Sigrid Fonnlid

Frå Rauland

– Årsaka til forbodet var jo den tyngda det blir på helsevesenet om veldig mange blir smitta samstundes, og eg synest det var rett. Men det er også litt rart for på fjellet er det ikkje så stor smitterisiko. Eg synest likevel det var eit rett val, sjølv om det var trist for nokon. Nå når forbodet er oppheva er eg spent på korleis situasjonen vil utvikle seg i tida framover. Eg håpar dei tenker seg om med tanke på å bygge endå fleire hytter.

Frå Rauland: Rune Skinnarland.

Rune Skinnarland

Frå Rauland

– Hyttefolket er absolutt velkomne, og dei har alltid vore det. Det er greitt at hytteforbodet nå er oppheva, me har vel tapt nok pengar nå? Eg trur det kjem til å ta lengre tid før det blir som vanleg igjen, dette er noko me kjem til å dra med oss. Eg er spent på sommaren. Det kan jo hende det kjem fleire nordmenn hit i sommar, og at folk bruker hyttene sine meir enn til vanleg.

Les også
Det er lov å reise på hytta igjen, men Oddmund og Eirik trur ikkje det blir påsketilstandar