Møttest: Ordførarane i Vest-Telemark, Midt-Telemark og Nome møttest i Åmot. Frå venstre: Beate Marie Dahl Eide (Seljord), Siri Blichfeldt Dyrland (Midt-Telemark), Jon Rikard Kleven (Vinje), Erik Skjervagen (Fyresdal), Jarand Felland (Tokke), Bjørn Nordskog (Kviteseid), Halvor Homme (Nissedal) og Bjørg Tveito Lundefaret (Nome).

– Felles utfordringar og mykje å samarbeide om

Sist veke møttest Vest-Telemarkrådet og Nome og Midt-Telemark interkommunale politiske råd.

Dei to regionane har mange felles utfordringar og mykje å samarbeide om, konkluderer dei to råda etter tysdagens møte i Åmot.

– Det var semje om å jobbe tettare saman og koordinere seg betre i ulike saker, spesielt opp mot fylkeskommunen og Stortinget, informerer Johannes Rindal, utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om vidaregåande skular og PPT

Breidda i det vidaregåande tilbodet i øvre Telemark er under press. Store byggeprosjekt i byane og færre elevar gjer det økonomisk krevjande å oppretthalde viktige tilbod. Å sikre at dei vidaregåande skulane i vårt område får rammer til å utvikle seg og ha eit variert tilbod, er ei sentral oppgåve framover. Det er òg bekymring knytt til organiseringa av pedagogisk psykologisk teneste. Denne er i dag lokalisert i Kviteseid og på Gvarv, og dekkjer i tillegg dei vidaregåande skulande på Notodden og i Tinn. Det er semje om at dagens organisering fungerer bra og gjev elevane eit godt tilbod.

Om politi og domstol

Som ein konsekvens av politireforma, er dei åtte kommunane i dag organisert i same lensmannsdistrikt. Det er brei semje om at førebygginga og beredskapen har blitt pressa den siste tida, og at ein i for stor grad sentraliserer politiressursane. Politikarane er klare på at tilbodet ved lensmannskontora må styrkast i tråd med det Stortinget har vedteke, og at ein må få stillingar nok til ein ekstra vaktbil i distriktet.

Domstolkommisjonen sitt framlegg om å samle alle domstolane i Skien, møter naturleg nok stor motstand. Det skal jobbast målretta og offensivt mot både regjering og storting for å sikre at det er tingrett og jordskifterett i øvre Telemark i framtida.

Om tettare samarbeid

Saker som samferdsel, barnevern, bygningsvern og luftambulansebase vart drøfta. I eit nytt og større fylke er det viktig å samarbeide godt for å få gjennomslag for saker som er viktige for vår region. Dette fyrste møtet viste tydeleg at behovet for felles møtepunkt er stort, og alle var einige om at dette var starten på eit tettare samarbeid både politisk og fagleg.