Fakta om grønt og raudt lys i koronasertifikatet

Vaksinesertifikatet viser vaksinestatus, testresultat og om ein har vore smitta av koronavirus. Dette avgjer om ein får raudt eller grønt lys:

Dette gir grønt lys i koronasertifikatet

For vaksinasjon:

* Tre veker etter at du har fått éin dose av ein koronavaksine som krev to vaksinedosar (Pfizer/Moderna/AstraZeneca). Det grøne lyset vil vare i 14 veker etter den første dosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Éi veke etter at du har fått to av to vaksinedosar (Pfizer/Moderna/AstraZeneca). Kombinasjonar av vaksinedosar frå ulike produsentar blir òg godkjende med tilstrekkeleg tid.

* Éi veke etter vaksinasjon dersom du har fått éin vaksinedose fordi du har hatt koronasjukdom meir enn tre veker før vaksinasjonen.

* Tre veker etter vaksinasjon dersom du har fått éin vaksinedose med ein vaksine som berre krev éin dose (Janssen).

For negativt prøvesvar:

* Negativ test gir grønt lys i 24 timar frå prøva er teken. Dette gjeld berre dersom ein ikkje har nokon positive testar dei siste sju dagane.

* Dersom du får ein falsk positiv antigen hurtigtest og tek ein ny PCR-test innan 48 timar som er negativ, får du òg grønt lys i 24 timar.

Immunitet etter koronasjukdom:

* Dersom du har hatt korona og dette er dokumentert, gir det grønt lys i seks månader frå første positive test. Men det må gå minst 10 dagar frå første positive test til ein kan få grønt lys dersom ein ikkje er vaksinert.

* Testar ein positivt på nytt dei første tre månadene etter den første positive testen, vil ein likevel ha grønt lys på grunn av at laboratorietestane er så kjenslevare at dei kan påvise delar av viruset sjølv om ein ikkje er smittsam.

Dette gir raudt lys i koronasertifikatet

* Viss ein ikkje har fått påvist korona dei siste seks månadene, er vaksinerte eller har teke ein negativ koronatest dei siste 24 timane.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Viss ein har fått påvist koronavirus dei siste ti dagane.

* Dersom opplysningane som er registrerte om vaksinasjonen din er feil, slik at du blir vist som uvaksinert.

For vaksinerte:

* Viss det er mindre enn éi eller tre veker sidan du fekk ein dose med koronavaksine (sjå over for ulike scenario).

* Viss du testar positivt for koronavirus etter vaksinasjon, får du eit forbigåande raudt lys i ti dagar.

* Viss du får påvist koronavirus mellom vaksinedose nummer éin og to, vil du få eit forbigåande raudt lys. Deretter vil du bli rekna som fullvaksinert.

Dersom ein har teke ein koronatest:

* Dei ti første dagane etter ein positiv koronatest.

* Dersom ein ikkje har ein negativ test dei siste 24 timar. Dette gjeld i all hovudsak for personar som ikkje er vaksinerte.

Varigheit

Koronasertifikatet på Helsenoreg.no er berre er gyldig 90 dagar fram i tid av gongen. Årsaka er mellom anna å unngå misbruk, til dømes at nokon skriv ut koronasertifikatet og prøver å bruke det i Noreg eller til grensepassering lenge etter at det er skrive ut. På den tida kan både immunitet og vaksinar ha forandra seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sertifikatet som er klart 11. juni, er til innanlands bruk.

Kjelde: Folkehelseinstituttet

(©NPK)